Eg er vanlegvis sinnsjukt treig med å oppdage nye artistar som eg syns det er verd å høyre på og går heilt sikkert glipp av ein heil masse på det området. Nokre gonger slår heldigvis flaksen inn , og denne gongen skjedde det ved at eg fekk med meg eit lite glimt av ei NRK-sending frå noko vm-greier på Universitetsplassen. Anar ikkje kva som elles gjekk føre seg i programmet, men eit av dei musikalske innslaga vekte merksemda mi. Utruleg nok klarte eg til og med å oppfatte namnet på gruppa; Katzenjammer.
Katzenjammer gav ut si første, og så langt einaste, plate i 2008. Det var på tide eg oppdaga dei.