Barn sine rettar

I det siste har det vore mykje diskusjon om foreldre og barn sine rettar, skal homofile ha rett til å få offentleg hjelp til å få barn, påfører vi våre barn handicap ved å ha dei, osb….

Etter mi meining er det DETTE som er problemforeldre:

– Antivaksineringsgjengen: I USA og andre land har antivaksineringsaktivistar fått masse merksemd og det er mange som trur på svadaen deira om at det er farleg å vaksinere barn… farlegare enn å la dei få barnesjukdommane. T.d. er undersøkelsen som viste at vaksine kan gje autisme forlengst tilbakevist. Dei fleste barn kjem seg greit igjennom barnesjukdommar men nokre barn blir veldig sjuke, nokre får varige skader og nokre døyr av det. Dana McCaffrey vart 4 månader gammal. For ung til å vere vaksinert sjølv, men vart smitta fordi for mange andre barn i området ikkje var vaksinert. Foreldre som trur dei gjer sitt beste for barna sine utan å sjekke fakta gjer både sine eigne og andre sine barn ein stor bjørnetjeneste.

– Religiøse tullingar: Enkelte ekstreme religiøse grupper er mot vanleg behandling av sjukdommar. 13 år gamle David Hauser har Hodgkins sjukdom. Med behandling har han 95% sjanse til å overleve, utan behandling 5% sjanse. Foreldra hans tilhøyrer ei gruppe som trur på ånde- og urtehelbreding, så no er det ei rettsak på gang i Minnesota. La oss håpe at myndighetene vinn og gjer gutten ein skikkeleg sjanse til å overleve.
(Ei anna sak er 11 år gamle Kara som døydde av ubehandla diabetes)

Også i Norge er slike typar i sving. No har vi nett hatt rettsaka til tyske Ryke Geerd Hamer, han som (kort sagt) meiner at all sjukdom kjem av psykiske traumer og at skulemedisinen er ein jødisk plan for massemord styrt av m.a. paven (no syns eg personleg at paven er ein tosk når det gjeld t.d. kondom og HIV/AIDS, men det får no vere måte på). Hamer saksøkte staten fordi den ikkje ville gje han lisens til å praktisere som lege, og tapte heldigvis så det song etter. Men, “medisinen” hans blir praktisert i Norge og elles i Europa, og den er farleg.

Comments

Barn sine rettar — 2 Comments