I går kveld var vi på Den Nationale Scene i Bergen og så Le Cage aux Folles med Bjarte Hjelmeland og Bjørn Willberg Andersen i hovudrollane.
Det var fabelaktig bra!
Vi koste oss veldig og det så det ut til at resten av publikum gjorde og. Igrunnen oppførte vi oss som det cabaretpublikummet vi bør vere når det er Le Cage aux Folles som blir framført på scenen. Det skal ikkje vere stille i teatersalen då.
DNS har også lagt ut ein liten videosnutt med intervju og utdrag frå stykket. Du finn den her.
Så, er du i Bergen, så er det berre å ta seg ein tur på teateret dei neste vekene. Framsyninga går t.o.m. 5.februar. Dersom du treng meir reklame for framsyninga så likar Regnboga den og.
Her er eit lite utdrag frå Le Cage aux Folles, ikkje frå DNS, men det er no ganske bra likevel
Og når det gjeld 2011 sitt nyttårsforsett om 12 kulturopplevingar, så er dette den første.