28.desember – Lesemål for 2011

Dette er jo tida for oppsummeringar og nyttårsforsett. Inspirert av m.a. Migrating Coconuts (berre diggar namnet på den bloggen), Stines notater, Lesehesten fra Sørlandet og Silje så har eg og laga meg ei liste med lesemål for 2011. Dei er ikkje så veldig ambisiøse, men kan likevel vere ei grei rettesnor. Det gjeld berre å hugse å ta ei oppsummering av dei om eit års tid.

  1. Begynne på alle bøkene i skal-lesast-haugen, og la vere å fullføre bøker eg ikkje likar. Dette er jo ein del av lesarrettane, men eg treng ofte ei påminning.
  2. Sjå mindre tv og lese meir
  3. Lese minst 2 novellesamlingar – eg likar novellesamlingar, men brukar ofte veldig lang tid på dei, så 2 er i utgangspunktet nok
  4. Lese nynorskutgåvene av Hobbiten og Ringdrotten – dei har stått i hylla ei stund, så no er det på tide
  5. Lese minst 3 fagbøker.
  6. Ikkje la vente-på-blogginnlegg-bunken min bli høgare enn 2 bøker – det kjem til å bli vanskeleg, men eg skal prøve.
  7. Lese minst ei bok med handling frå kvar av verdsdelane og nokre med handling frå andre planetar – trur eg mangla Sør-Amerika i 2010, men elles klarte eg den.
  8. Lese dei bøkene eg har lyst til å lese og ikkje la dei vike plassen for bøker eg føler at eg bør lese.
  9. Halde fram med å lese mest mogeleg på engelsk – bra for språkferdigheitene og størrelsen på bokutvalet.
  10. Syte mindre til mi kjære over kjedeleg språk nesten kvar gong eg les ei skjønnlitterær bok på bokmål, det er ikkje hennar feil at ho er oppvaksen i Bergen.

Comments

28.desember – Lesemål for 2011 — 11 Comments

  1. Om du gløymer dei fleste,…. hald på den siste! (Stakkar Kristin… at ho heldt ut!)

  2. Ha ha! Nummer 10 var bra! Ellers var dette gode mål å sette seg. Du får dele med oss i løpet av året. God jul videre!

  3. Har eit forslag til fagbok! Suste gjennom den på to dagar, drivande interessant! Vekslar mellom trist, sexy (defintivt noko for alle preferansar), deprimerande, fasinerande, morsom, skremmande, utfordrande, og utdannande! Fann den ikkje på Kindle, dessvere, men UBBRB har eit eksemplar, som kan lånast når berre Thomas blir ferdig:

    http://www.amazon.com/Bonobo-Handshake-Memoir-Adventure-Congo/dp/1592405460/ref=sr_1_1?ie=UTF8&qid=1293621526&sr=8-1

    Sjølv ligg eg bra an på fagbøkene i år (men ikkje like bra som i fjor), og lurer på om eg klarer ein lesemålsbloggpost. Stay tuned…

  4. Ånei, langt skreiv eg og…

    OK, prøvar igjen: Sjølv ligg eg bra an på fagbøker i år, om enn ikkje like bra som i fjor. Kan dermed anbefale deg ei, som vekslar mellom trist, sexy (noko for alle preferansar), utviklande, utfordrande, deprimerande, morsom, og ein heil del andre adjektiv eg ikkje kjem på farta.

    Drivande godt skrive, eg suste igjennom på to (sjukmelde) dagar. Hadde umiddelbart lyst til å lese den igjen:

    http://www.amazon.com/Bonobo-Handshake-Memoir-Adventure-Congo/dp/1592405460/ref=sr_1_1?ie=UTF8&qid=1293621526&sr=8-1

  5. Dei går beint i spam’en når det er url’ar med, men eg fiska dei fram igjen som du ser.

  6. Aha, mistenkte noke sånt. Og no har eg teppespamma kommentarane dine. Håper å klare å blogge litt sjølv snart, og!

  7. Pingback: Nyttårsløfte « Tanz

  8. Pingback: Litteraturmål 2011 – 1.statusrapport « Tanz

  9. Pingback: Litteraturmål 2011 – 2.statusrapport « Tanz