25.desember – Juledag

Som mange andre ateistar så likar eg faktisk jula veldig godt. Eg likar stemningen, dei levande lysa, fargane, julemelodiane, lukta av julematen og sjølvsagt smaken av julematen. Eg forstår godt at dei gamle nordbuane og folk andre stader på den nordlege halvkule har feira vintersolkverv i lang tid, lenge før kristendommen annekterte høgtida. For meg er jula ein sjanse til å tilbringe tid med familien, som eg heldigvis likar svært så godt.

Tim Minchin sin julesong seier igrunnen mykje om korleis det kjennest. Eg er heldig nok til å bu nært familien min og ser dei heldigvis ganske ofte, men må innrømme at eg gjerne skulle sett at vi budde ein plass der kvitvin i sola var meir aktuelt enn snømåking i jula. Eg skulle også gjerne sett at faren min framleis hadde vore med oss, vi saknar han.

Comments are closed.