22.desember – Bøker og sånt

Desse spørsmåla har dukka opp på fleire bokbloggar i det siste, m.a. Migrating Coconuts, Bokdama (som hadde omsett dei frå svensk), Les mye og Julies bokbabbel. Sidan Les mye alt hadde omsett spørsmåla til nynorsk så slapp eg å gjere den jobben.

Sparkling Christmas Tree by christmasstockimages.com under Creative Commons Attribution 3.0 License

1. Kva bok ønsker du deg til jul?
Eg er akkurat no i den rare situasjonen at det ikkje er så veldig mange bøker eg ønsker meg. Det kan ha med dei store dungane med uleste bøker som ligg i bokhylla og ventar. Til tross for dette så kjøper eg stadig vekk ebøker til Kindle’n min og treng derfor eit gåvekort på amazon.com slik at innkjøpa (som forhåndsbestillinga av Doomsday book for ca. 2 minuttar sidan – eg har venta på kindleutgåva av den sidan lesebrettet blei levert her i haust ein gong) og den intense tronga eg har akkurat no til å kjøpe How to Live Safely in a Science Fictional Universe ikkje skal gå alt for hardt ut over kredittkortet mitt. Jau, forresten, eg ønsker meg The Eyre Affair og resten av Jasper Fforde sine bøker om Thursday Next (The Eyre Affair er tilgjengeleg på Kindle, men ikkje for meg som bur i Norge…dette er idiotisk!)

2) Hvis du fekk gi ei bok til kva som helst kjend person, kven ville du ha valgt og kva bok ville du ha gitt? Skriv gjerne kvifor.
Eg ville ha gitt Maria Amelie si bok Ulovlig Norsk til samtlege norske politikarar, f.o.m. kommunestyre og opp. Dyrt, men verd det. Det er vel ikkje alle politikarar som er kjende personar, men nok av dei ser ut til å nyte kjendisstatusen og.

3) Nemn ei bok du har planar om å gi bort i julegåve.
Det er tre bøker på gje-vekk-til-jul-lista i år. To av dei er Sirene, nr.5 i serien om Septimus Heap av Angie Sage og Lasarusfenomenet av Kjetil Johnsen. Den første er eg sikker på at mottakaren vil ha medan den andre er litt meir av eit sjansespel. Den tredje gåveboka skal eg ikkje nemne her sidan eg har ein mistanke om at mottakaren kikkar innom denne bloggen innomellom.

4) Har du ein spesiell juletradisjon du følgjer opp kvart år?
Eg må bake sjakkbrett, det er igrunnen einaste typen julekaker som eg ikkje kan klare meg utan. Elles så heldt eg fast på at julepyntinga ikkje skal skje før det er jul, så 21.-24. desember er greit for slikt, på denne måten syns eg det er koseleg å ha det julepynta til 20.dag jul. Eg må også ha lutefisk og pinnekjøpt ein eller annan gong i jula. Masse julemusikk siste vekene før jul og i jula høyrer også med.

5) Kva slags julemat har du alltid på bordet ditt til jul?
Lutefisk og/eller pinnekjøt på julafta og juledagane. Med pinnekjøtet må det serverast kålrabistapp og med lutefisken må eg ha kokte gulrøter, har aldri forstått det med ertestuing. Gjerne hjortesteik ein av dagane og.

6) Kva ønsker du deg til jul i tillegg til boken/bøkene over?
Kjøkkenmaskin har vi veldig lyst på, men eg trur ikkje sjansane er særleg gode. Kaffimaskin av nespressotypen hadde vore kjekt, men får vente på eit større kjøkken før den hamnar på ei seriøs ønskeliste. Vi ønsker oss også nokre nye dynetrekk og putevar. Eg ønsker meg også også eit nytt kamera, nye raude sko med passeleg høge hælar (såg nokre i ein skobutikk i byrjinga av desember, men no er dei tydeligvis utselde for alle utan dei med alt for høge hælar til at eg kan gå på dei – søren og, skulle ha handla då eg såg dei), lette fjellsko , eit fint regnbogesmykke, diverse tv-seriar på dvd (m.a. Doctor Who og Babylon 5) og strikkalabbar. Fred på jord hadde også vore kjekt, då skulle eg gladeleg avstå frå alle dei andre ønska.

Kva med deg?

Comments

22.desember – Bøker og sånt — 3 Comments

  1. Hvis du har plass i bokhyllen (og for tiden bor i Bergen) pleier de å selge The Eyre Affair på Norli på Torvallmenningen. Jeg kjøpte min der, og det er en bok som ligger høyt oppe på leselisten (tips til de som skal kjøpe julegaver til deg, hvis de leser dette hehe…).

    Vet du forresten noe mer om How to Live Safely in a Science Fictional Universe enn det som står på amazon? Jeg kjenner ingen som har lest den, men den virket interessant. Jeg har m.a.o. veldig lyst til å kjøpe den.

  2. Har nok ingen problem med å få tak i The Eyre Affair, trur eg har sett den på Nr7 akkurat som du. Har berre ikkje kjøpt den enno, og kanskje nokon forbarmar seg over meg til jul.

    Veit ikkje om at nokon eg kjenner har lest How to Live Safely in a Science Fictional Universe, men eg har iallfall lest begeistra omtalar i m.a. Wired (http://www.wired.com/geekdad/2010/08/review-how-to-live-safely-in-a-science-fictional-universe/) og NY Times (http://www.nytimes.com/2010/09/05/books/review/Monson-t.html) og syns den ser veldig bra ut 🙂