15.desember – Spørsmål og svar

Dette spørjeskjemaet fann eg hjå Hjartesmil og syns det var litt søtt. Eg skal imidlertid ikkje tagge nokon slik at dei føler seg forplikta til å svare på det og :-)

Synesthesic letter-line by Twitchcraft under Attribution 2.0 Generic

Første kjærleik?
Lesing, frå den dagen eg begynte på skulen og plaga mamma til ho fortalte meg namnet på alle bokstavane. Verdas lettaste kode å knekke.

Favorittspråk?
Av alle dei eg ikkje kan? Italiensk

Favorittfigur/person fra litteraturverda?
Miles Vorkosigan

Favorittrom?
Vinterhage

Favorittplass å lesa bøker?
For tida er det lenestolen i stova. Draumeplasse er ein god lenestol i ein vinterhage med flott utsikt (og godt isolerte vindauge).

Favorittplass i Oslo?
Har ikkje noko slikt, Stig si leiligheit kanskje.

Favorittfarge?
Grøn

Favorittmaler/maleri?
Veit ikkje, alt for vanskeleg å svare på.

Favoritting å samla på?
Bokmerker – det er i grunnen det einaste eg samlar litt på.

American water lily by Pellaea under Attribution 2.0 Generic

Favorittblome?
Nøkkeroser

Favorittlukt?
Kaffi, kanel, smalahove

Om du skulle få ein medalje for akkurat no, kva skulle den vera for?
For å vere komt ganske langt med julepresangane.

Favorittekstur?
Hud

Favorittsmak?
Kanel

Den første tingen du tenkjer på når eg seier “raud”?
Roser

Natt eller dag?
Natt

Favorittskurk?
Brødrene Dalton i Lucky Luke

Favorittkunstnar?
Tori Amos

Telt eller motell?
Motell

Favorittinstrument?
Trombone

Torden eller lyn?
Lyn

Te eller kaffe?
Ja takk, begge delar

Lemonade (lime version) by Floodkoff under Attribution 2.0 Generic

Vin eller øl?
Vin

Sitron eller lime?
Lime

Mandag eller fredag?
Fredag

Februar eller desember?
Desember

Hattar eller skjerf?
Ingen av delane

Regn eller sol?
Sol

Spiderman eller supermann?
Supermann

Roller Coaster by Twicepix under Attribution-ShareAlike 2.0 Generic

Kattar eller hundar?
Kattar

Is eller sorbet?
Sorbet

Favorittkarusell?
For kjedeleg….berg og dalbane

Kva er initialane til personen du sist kyssa?
KF

Kva karaktertrekk misunnar du ofte hos andre?
Tålmod

Om du kunne fly, kvar skulle du fly først?
Los Olivos Lane, La Crescenta, California – saknar bonusmammo mi.

Har du nokon gong vunne ein medalje eller pris?
Har vore med å vunne nest øverste klassen i Brass Band NM eit par gonger for lenge sidan.

Kva er din hemmelige draum?
Å bli scratch golfspelar. Har nokre andre og, men dei har eg definitivt plapra for mykje om til at dei er særleg hemmelege.

Favorittårstid?
Vår

Kva er din største kjærleik?
KF/Forteljingar som bøker, filmar, tv-seriar og i andre former

Favorittvaluta?
Australske dollar

Favorittplanet?
Jupiter

Favorittgodteri?
Cheese doodles (dei originale, ingen kjedeetterlikningar takk)

Favorittnavn som ikkje er ditt eige?
Gørild

Favorittskapning fra havet?
Sjøhest

Favorittby?
Ingen, men mange eg likar

Fly eller bil?
Fly

Comments

15.desember – Spørsmål og svar — 2 Comments