13.desember – Søndagshandel

Kristin syng i koret Sapfonia som hadde sin årlege julekonsert i går. Det var ein fin konsert.

Som vanleg hadde dei konserten i Bergen sentrum, og på veg til konsertlokalet måtte ein som vanleg brøyte seg fram gjennom flokkar av folk som var ute for å gjere unna julehandlinga på ein søndag ettermiddag. Kvifor i all verda skal dei stakkars folka som jobbar i alle desse butikkane måtte jobbe på søndagar på denne tida av året, er ikkje butikkande opne nok elles? Er det for at dei trur at me kjem til å bruke endå meir pengar på denne måten? Eg handlar aldri på søndagar! Det er min eigen lille privat protest mot denne handlegalskapen som rammar nasjonen kvar desember.

Her er ein musikalsk kommentar til det heile:

Comments are closed.