2.desember – Det blir betre

Eg bleir aldri mobba for å vere lesbisk då eg var ung, eller for noko anna for dens saks skuld. Eg var heldig.

Det var likevel ikkje lett å komme ut til familie og venner. Eg bekymra meg for korleis dei ville reagere og heldigvis viste det seg at eg ikkje hadde så veldig mange grunnar til å bekymre meg. Igjen, eg var heldig.

Dessverre så er det mange homofile ungdommar som ikkje er så heldige. Ein del ungdommar blir mobba for å vere homofile, uansett om dei er det eller ikkje, og for enkelte blir ting så ille at dei tar sitt eige liv. Det er og dei som tar livet sitt fordi dei er så alt for bekymra for korleis omgjevnadene vil reagere dersom dei kjem ut. I USA har dei starta prosjectet It gets better project der dei prøver å vise homofile ungdommar at livet blir betre dersom dei heldt ut litt lenger og gjev livet sitt ein sjanse.

Og det blir betre. Dersom du er heldig har du familie og venner som vil vere glad i deg og støtte deg også etter at du kjem ut og dersom dei sviktar så finst det mange andre både homofile og heterofile folk der ute som vil vere der for deg. Gje deg sjølv tid til å finne dei som er verd å vere glad i…og i desse førjulstider, dei som er verd å tilbringe jula saman med.

Det finst masse videoar på prosjektet si nettside, frå både homofile og heterofile. Eg syns dei er veldig rørande og i tillegg så har dei heilt rett: Det blir betre.

Dette er videoen som starta det heile:

And here is one from LGBT-employees at Facebook:

Comments are closed.