Shevek

Han kom inn i livet mitt på ein tårefylt aprildag. Bestemor døydde brått nokre veker etter 80-årsdagen sin og vi var alle i gravferd. Ei av pappa sine kusiner trong skyss tilbake til Bergen og endte opp i bilen med søstra mi og meg. På vegen kom ho til å nemne at ho hadde ein kattunge med ein medfødt kjevefeil som trong ein heim, og dermed så var det gjort.

Han var eit sjarmtroll. Kjeven var nok skeiv, men han var absolutt ikkje den mest tilbakehaldne av kullet.

Nokre veker seinare var han klar til å flytte og erobra den nye heimen med å snike seg langs veggane til han hadde funne ut kor alt var. Så var han konge på haugen.

Han elska at det kom gjestar og sat alltid klar ved døra når dørklokka hadde ringt. Han var gode venner med foreldra mine sin hund og mindre gode venner med søstra mi sin nye kvalp. Han likte å vere der det skjedde og var stadig vekk sjalu på bøker og pc’ar som nokre gonger fekk meir merksemd enn han gjorde. TV var derimot heilt greit sidan den var så langt vekke at det var god liggeplass i fanget. Han ville helst gå der han ikkje hadde lov og hadde mykje mindre respekt for Kristin enn for meg når han gjorde ugagn. Han elska å bli klødd mellom auga og nasa og hata å bli kjemd, det siste kan vere litt problematisk når du er ein persar. Han mislikte reising, men sette pris på å komme fram. Han levde mesteparten av livet innandør, men likte å vere ute når han fekk høve til det. Han passa imidlertid på å vere nær nok huset til å høyre dersom vi ropte. Han forventa ein full vask med drikkevatn på badet når vi gjekk til sengs om kvelden. Han rekna dei fleste flater i huset som sine liggeplassar og dersom vi prøvde å sove middag på yndlingsplassen i sofahjørnet så kom det fort ein pote og dytta oss i fjeset.

Han var godt selskap i 14,5 år.

Saknar deg pusen!

Comments

Shevek — 5 Comments

  1. Rart det der, med katter… Man blir så utrolig knyttet til dem. Vi hadde nærmest landesorg i huset da vår pus var “innlagt” hos dyrlegen i flere døgn og det hele hang i en tynn tråd. Og desto mer happy når alt gikk så bra som bare det til slutt. At det kostet skjorta og mer til – skit samma.

  2. Åh, så trist! Fikk aldri hilse på Shevek, men den ser ut som en nydelig pus med mye charakter. Og han har sikkert hatt det allerbeste kattelivet hos dere.