Dumpa av Bloglines

Eg er dumpa av Bloglines!

Eg burde kanskje ikkje ta det så personleg sidan heile verda blir dumpa av Bloglines ved neste månadsskifte, men det er uansett ganske surt. I lang tid no har eg brukt Bloglines til å organisere dei alt for mange nyheitsstraumane eg abonnerer på og virkelig likt måten den fungerer på. Det har vore ein del databasetrøbbel nokre gonger, men funksjonalitetane har gjort at spede forsøk på overgang til Google Reader eller Alesti ikkje har gitt medsmak.

Men no er det altså slutt. Eg eksporterte alle abonnementa mine til ei OPML-fil og importerte den til Google Reader (GR vann over Alesti på betre instillingar). Deretter har eg sagt ein god del ting medan eg prøver å få innstillingane i GR likast mogeleg slik eg vil ha det, og no trur eg at den er såpass tilpassa meg som den kan bli. Ikkje perfekt, men noko eg kan leve med. Det er jo kjekt å iallfall ha funne ein funksjonalitet i GR som eg likar betre enn Bloglines sjølv om det er eit par andre ting frå Bloglines som eg virkelig saknar.

Det eg likar betre med GR er: Innstillinga som gjer at kun oppdaterte nyheitsstraumar viser i venstremenyen.
Det eg likar mindre med GR er:
1 – Standardinstillinga er at alle postar frå nyheitskjelda viser, ikkje berre dei nye. Standardinstillinga var det første som blei slått av.
2 – at du må scrolle forbi ein post, klikke på den eller klikke på “Merk alle som leste”-knappen for at dei skal markerast som leste. I Bloglines vart dei automatisk markerte som leste når du klikka på nyheitsstraumen i venstremenyen og så kunne du velge “Keep new” på posten dersom du ville behalde den.
3 – I venstremenyen kan du ikkje sjå forskjell på nye postar og gamle postar som er merka som uleste, i Bloglines var desse vist som adskilte tal [t.d. (2) (3)] slik at du med eit blikk såg om du hadde spart mange tidlegare artiklar frå ein nyheitsstraum.

Vel, Bloglines er det uansett slutt for. Det einaste eg kan håpe på er å kunne få desse instillingane i Google Reader og etterkvart slik at eg kan få skreddarsy den slik eg vil ha den. Dersom nokon veit om ankepunkt 2 og 3 mot GR er ting som eg har gått glipp av i instillingane så er eg alltid glad for tips.

Må også innrømme at eg mislikar litt å bli endå meir innlemma i googleuniverset, likte å ha ting som ikkje låg på deira servarar. Sukk.

Comments

Dumpa av Bloglines — 2 Comments

  1. Jeg ble nødt til å bruke GR da Newsgators FeedDemon la om for en tid tilbake. Men jeg bruker altså aldri GR direkte, jeg bare bruker den til å synkronisere mot. RSS-leser er FeedDemon, og på min antikke iphone mobileRSS. Funker så det suser – alt synkronisert.
    Du liker ikke default-setting… jeg har aldri vært videre default, så det er sjelden jeg beholder noe slik det er når jeg får det ;-)