Å vere homofil i Afrika

Det er mange stader her i verda eg ikkje har noko lyst til å besøke. Nokre fordi dei er for kalde, nokre fordi dei er for farlege, mange på grunn av korleis kvinner blir behandla der og mange på grunn av måten dei behandlar homofile. Fleire stader tilhøyrer fleire av desse gruppene, noko som gjer meg endå fleire grunnar til å halde meg unna.

I desse dagar ser det ut til at fleire land i Afrika er fast bestemte på å gjere det endå mindre freistande for meg å bruke pengane mine der.

Eg kan virkelig ikkje forstå eit slikt intenst hat mot meg og alle andre som er homofile. Det er skremmande. Å komme ansikt til ansikt med slikt hat, til tross for at det er på pc-skjermen og eg er heldig nok til å befinne meg i eit land der eg stort sett er trygg for slke folk, får meg til å føle meg småkvalm og litt grøn.

Eg prøver sjølv, og vil oppfordre alle andre til å forsikre seg om at organisasjonar som dei støtter jobbar for menneskerettar, ikkje-religiøs utdanning og lovar som beskyttar og sikrar like rettar for kvinner og homofile over heile verda

Comments are closed.