Ender på Sotra GK

Desse endene lever eit farleg liv på Sotra golfklubb

Desse endene nyt livet i det grøne på Sotra golfklubb.

Kristin sin kommentar då ho først såg dei var at det var bra at dei var av plast sidan dei elles ville leve eit veldig farleg liv. Endene svarte med å straks riske på fjørene for å bevise at dei ikkje er av plast og at dei faktisk lever eit veldig farleg liv.

Kristin heldt så fram med å bevise akkurat kor farleg livet deira er ved å snitte ei av dei med utslaget sitt.

Slapp av, anda har det bra. Ei fjør litt ute av lage var heile skaden.

Comments are closed.