Abstinens

Eg har abstinensar i kveld, av to grunnar.

Heilt sidan i haust har eg høyrt lydbøker i bilen fram og tilbake frå jobb. Stephen Fry har underhelde meg i mange timar med å lese høgt alle sju Harry Potter bøkene. No er han ferdig med siste boka og i dag har eg høyrt radio…alt for mykje fotball, reklame og andakter for min smak. Lydbokabstinensen er direkte plagsom. Eg må ha ny lydbok snart. Har alltid tenkt at eg skulle lese “Kvinnen som kledte seg naken for sin elskede” av Jan Wiese, så det blir nok den.

Det er også onsdagskveld, og eg burde derfor vere på golfbana. Men det er eg ikkje. Knurr!

Det er litt trøyst i å sjå bilde frå forrige veke. Vi feira jonsok, men ikkje med bålbrenning.

Jonsokgolf - golfhekser rir på bunkersriver

Resten av jonsokgolfbilda finn de på Flickr!

Comments are closed.