Shevek har masse pels, mykje meir enn ein katt eigentleg treng.
Om sommaren er han meir utandørs enn om vinteren og plukkar derfor naturleg nok opp meir rusk og rask i pelsen enn han gjer inne. For å unngå dette plar vi klippe pelsen på magen og halsen hans om sommaren.
Eg veit at det er folk som tar kattane sine med til profesjonelle dyrefrisørar når slikt skal gjerast. Shevek bur ikkje saman med slike folk, og forresten veit eg ikkje eingong om slike dyrefrisørar finst i Bergen. Sluttresultatet er ein katt som ser ganske vanleg ut bakifrå, rarare enn vanleg ut framifrå og uvanleg langbeint ut frå sida.
Etter at slåssinga, remjinga og klyppinga er ferdig stikk han seg vanlegvis vekk for å pleie den såra ærekjenslo, men ein time seinare plar eg vere tilgjeven.
