Vi planlegg ferien. Ikkje for 2010, men for 2011. Vi er altså ute i nokså god tid.
Men, truleg ikkje tidlegare enn vi bør vere.
Vi har nemleg tenkt oss på kanalbåtferie i England, så no er vi i gang med å bestemme kva for del av kanalnettverket vi vil besøke og når vi skal reise. Vi reknar og med at det er lurt å vere tidleg ute når vi treng ein båt med plass til 12 (køyer til 11 personar og 3-6 golfbaggar).
Kristin og eg ser ut til å lande på det som blir kalla for The Four Counties Ring. Det gjenstår framleis å få medhald frå dei andre reisande, spesielt den toginteresserte som gjerne ville vere i nærleiken av York og museumsjernbaner. Vi fann imidlertid ut at dei relativt få kanalane som er i Yorkshire stort sett gjekk i industri- og byområde, og det er litt for ukoseleg. Det er heller ikkje umogeleg at det finst ei museumsjernbane langs The Four Counties Ring. For ein del andre av oss er det viktigare at vi kjem i nærleiken av ei eller anna golfbane, og det skulle det vel vere håp om.
Eg sit her og ser andre folk (m.a. “ebygomm“) sine kanalbåtferiebilde på Flickr og gler meg alt noko voldsomt.
Ikkje at eg kvir meg til årets ferie heller. Om litt under ein månad kjem favorittamerikanarane våre og vi tar til på turneen rundt i Sør-Norge. Hurtigruteturen mellom Bergen og Trondheim er min favorittdel, eg har aldri tatt hurtigruta før og ser veldig fram til det.
Been there! Done that!
http://elisbilledbabbel.blogspot.com/search/label/Oxfordkanalen
Takk Eli. Reiselysta mi er stadig stigande. Så masse stilige båtdekorasjonar!
Måtte klikke på bildet på bloggen din. Det viser til en serie fra en annen kanal. men jammen var mye likt, gitt. Måtte sjekke / google.
Hilsen en som riktig nok har annet å drive med på jobb men pokker heller. NB: Unngå reisefølger som MÅ se “slike fjell og dalar etc etc” over alt hvor de reiser if you know what I mean!
Bestill fint vær! OG – ikke for dem som må ha ction, action action! men det sier vel seg selv. Og – engelskmennende er VELDIG hjelsomme og tolerante overfor turister som fomler med slusene.