Om Mammaen og havet

Eg som skriv på denne bloggen er mamma til to barn, eitt bokstavberika (kikk under kategorien ‘autisme og bokstavbarn‘) og eitt normalforstyrra. Der kjem ‘Mammaen’ i tittelen frå.

‘Havet’ er mitt kjernetema. Eg har budd og leika ved, svømt, dykka og fiska i, rodd på, studert, tenkt på og drøymt om havet heile livet. Bårene, fargane, og aller mest vesena har eg i ryggmargen.  Havet, det er alt, staden vi alle kjem frå.

Tittelen ‘Mammaen og havet’ er dessutan meint som ein honnør til ei av dei vakraste og klokaste bøkene eg veit om. Og for den som lurer, eg er ikkje nokon mummimamma. Det er mummipappa eg liknar på 😉 Om eg har lest ‘Den gamle mannen og havet’? Såklart, men eg likte betre ‘Og solen går sin gang’.

‘Mammaen og havet’ er mitt vesle pusterom. Innimellom kan eg øse ut frustrasjon over dagleglivet, politikk eller dagsaktuelle hendingar, men allermest ønskjer eg det skal vere ein stad å hente meg inn, få lov til å tenke på noko heilt anna enn det som pressar seg på frå omgjevnadene. Eigentid. ‘A room of one’s own’. Men det er ikkje noko nødvendeligrom, det romet her. Det går lang tid mellom kvar gong eg har tid til å skrive noko reflektert. Får eg ein kommentar, kan det ta lang tid før eg får svart…

Då eg oppretta denne bloggen, gøymde eg den så godt eg kunne, du kunne ikkje ein gong gugle deg fram til ‘Mammaen og havet’. Eg ville gjerne kunne vere personleg, veksle mellom sterke meiningar, film og litteratur og bilde av dei fine ungane mine. Presentere bloggpostane mine kun for ein engare krins av familie og nære vener. Sidan er eg blitt mindre sjenert og meir synleg, men ‘Mammaen og havet ‘ er framleis eit nisjeprodukt for spesielt interesserte. Om du er ein, så legg gjerne igjen ein kommentar til meg!

One thought on “Om Mammaen og havet

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *