Extreme Makeover

I påvente av at nokon skal tilby meg ein extreme makeover, eller i det minste ein bli ny-dag med KK, eller eit spabesøk, eller massasje, eller kanskje ti minutt for meg sjølv, gir eg i det minste ein real makeover til bloggen min.

Nokre punkt eg umiddelbart er fornøgd med:

1) Font og markering av lenker. Kan bli litt trøyttande med blått heile tida.

2) Verkar ‘ljosare og reinare’

3) Veldig mykje lettare å endre innstillingar og gjere (nesten) alle mulige slags endringar, for eksempel legge til forfattarskyer frå LibraryThing.

Nokre punkt eg ikkje finn heilt ut av:

1) SKAL det verkeleg ikkje la seg gjere å endre heading på postar? Hender eg skriv feil…

2) Kor høg skal eg la headeren vere, og skal eg la bilda skifte?

3) Saknar litt Pettson-fonten som eg brukte på blogg-tittelen før…

4 thoughts on “Extreme Makeover

  1. Den har blitt veldig mykje finare enn den var 🙂

    Eg har også rota litt med koden og fått ein annan lenkefarge som eg visstnok kjem til å behalde fram til vår kjære bloggvert finn ut at han skal oppdatere til ein annan versjon.

  2. Mark says:

    1) Man kan gjøre noen grep her … «… look under the main editing pane. You’ll see the Atahualpa Post Options fields there. When you create a new post, the Post Options title fields are populated with the title you use up at the top. If you change the title later, you have to change it in the Post Options title fields too.»

    2)Høyden på headeren ser fin ut, synes nå jeg, men at bildene roterer mens man er på siden er ikke helt min smak; heller at de endres når man navigerer seg rundt eller oppdaterer siden 🙂

    3) Du kan endre font i tittelen i Style & edit HEADER AREA->Blog Title … Men om Petteson-fonten finnes tilgjengelig er jeg noe usikker på 🙂

  3. hege says:

    Har ‘diskret’ gjort vår kjære bloggvert merksam på ønska oppgradering, Eva.

    Og tusen takk, Mark, fann det som du sa under sjølve posten. Synest fortsatt det er ei litt tungvinn løysing, men alt kan jo ikkje gå heilt smertefritt heller, då 😉 Lar høgda bli som den er, og er ikkje overraska over at nokon (litt meir proffe enn meg) har innvendingar mot roterande bilde. Som du seier, det ville vere betre om bilda berre roterte ved navigering. Ved første kikk på Atahualpa synest eg det var litt irriterande, men så blei eg temmeleg hypnotisert og besnært. Ville nok aldri brukt roterande bilde i ein profesjonell samanheng, men det er litt gøy å leike med effekter også, då! Så lar bilda rotere, inntil vidare.

    Pettson-fonten forlet eg i denne omgang, men har funne ein ny bruk for han (trur eg). Tagxedo er eit ordskyprogram som visstnok lar deg få laste opp eigne fontar 🙂 Må teste!

  4. Pingback: uvawucefi

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *