Finsk foto

På eit besøk i København kom eg over ei fantastisk fotobok. Eg hadde i grunnen ikkje råd, men eg klarte heller ikkje å rive meg laus, særleg frå bildet på omslaget. Det blei ei naudløysing: ‘byagåve’ til min kjære. Han var muligens litt forundra over valet,  men forsto litt meir etter å ha kikka.

Boka presentererer eit utval bilde frå kvar av 35 fotografar knytte til The University of Art and Design, Helsinki, saman med ein presentasjon av fotografen. Den som berre hadde tid til å lære seg å kjenne fleire fotografar og fotografi…

Det er noko deilig medititativt med å stoppe opp ein augneblink og sette seg ned med ei slik bok. -Ta seg tid til å la auga kvile på eitt etter eitt bilde, vakre eller urovekkande brutale, uforståelege eller tilsynelatande heimlege. Etter vandringar i boka finn eg fleire og fleire favorittar. Min største favoritt er likevel Susanna Majuri, som har tatt bildet på omslaget. Bildet kjennest så velkjend, men likevel noko heilt for seg sjølv. Grisetang mellom grunner og skjær, fyrlykter, grå skyer som heng ned i fjella. Det kunne liksom vore tatt tusen stadar langs norskekysten, om ein ser bort frå kvinna i raudt. Til vanleg må vi klare oss med det vesle raude i fyrhatten.

Omslagsbildet fann eg hos Amazon.de og fleire bilde av Susanna Majuri kan du finne gjennom galleriet Adler

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *