Instant love

Eg har alltid elska barnebøker. Eg har elska å bli lest for, eg blei ein bokorm så snart leseferdigheitene tillot det, eg har fortsatt å lese barnebøker sidan. Eg ser på barnebøker som ein genre på linje med fantasy, SF og krim, med felles reglar for presentasjon og med ein indre, felles logikk. Som så klart til ei kvar tid sprengast og utviklar seg vidare, men altså frå eit slags felles utgangspunkt, eller opphav, om du vil. Det er som å presentere ein roman eller ei novelle i haikuform, med ei stram avgrensing gitt, ikkje av antal stavelsar eller linjer eller referansar til årstid, men av  vokabular, interesse, erfaringsgrunnlag, fatteevne og  konsentrasjonsevne.

Ein fransk forfattar blei intervjua i Dagsrevyen ein gong for ein tjue års tid sidan, og på spørsmål om han ikkje snart skulle skrive ei bok for barn (han skreiv for både barn og vaksne), svarte han at han alltid sette ut for  skrive ei bok, og om boka blei bra nok, blei det ei barnebok. Han og eg er fullstendig på linje. Den som trur at barnebøker er noko annanrangs, bør ta ein kikk på nokre verkeleg gode barnebøker og tenke igjen. Ei verkeleg god barnebok gir ein noko å tygge på, og gjerne på svært mange nivå. Ei god barnebok veks med barnet, som kan avdekkje fleire lag etter kvart som dei har erfart meir og forstår meir. I verkeleg gode barnebøker oppdagar eg ved kvar gjennomlesing nye ting.

Småbarn i huset gir eit utmerka høve til å halde seg oppdatert på nye barnebøker. Eg har lagt merke til at det dei siste åra har kome stadig fleire bøker for dei aller minste, og nokre av desse bøkene verkeleg elskar eg. Eg nemner i fleng bøkene om Bø og Bæ (Olof og Lena Landström, omsett av Ragnar Hovland). Ein litt nyare favoritt er ‘Hvem’-bøkene av Stina Wirsén. Min favoritt fram til no var ‘Hvem bestemmer’, velkjend leggeproblematikk for den som har småbarn i huset. Min NYE favoritt er ‘Hvems mormor’. I ein svensk nettbokhandel karakteriserast den som ‘relasjonsdrama’, og det stemmer verkeleg. Bamse har ei mormor, og det er ein god ting. Bamse har også ei kusine, og det er ikkje like stas. Ikkje kan kusina leverast tilbake heller, for pappaen er i ‘London’. Dessutan har kusina eit temmeleg vridd tak på røydomen, og kallar ‘mormor’ for ‘farmor’. Slikt blir det konflikter av. Heldigvis kan konflikter løysast.

Stina Wirsén sine illustrasjonar er det verdt å stifte eit nærare kjennskap til. Sjekk for eksempel hennar portrett av Astrid Lindgren (under ‘Earlier work’ og ‘Portraits’, ingen unik lenke). I dag kom eg til og med over (takk, kjære) ein trailer til ein ‘Vem’-film, og det må vel bety at det skal kome meir ein gong? Den filmen er velkomen hos oss. Vår nett no spraglete og sjuklege minstemor elska umiddelbart traileren, som vi har sett minst 15 gongar i dag. Lukkeleg den som har eit (spraglete) barn å dele bøker og film med!

(Beklager formatet på filmen, den ville slett ikkje la seg temme til denne bloggens format!)

Director: Jessica Laurén
Producer: Linda Hambäck
Prod. Company: FilmTecknarna Fiction
Script & design: Stina Wirsén, Animation: Dockhus

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *