“Plans are useless, planning is everything”

Dokumentasjon. Noko bilde av den vakre dagen fekk eg slett ikkje tatt….

Undertittel: “Mammaen og sjøbadet”.

Eg synest eg hadde planlagt det bra, eg. Hadde laga ei oversikt over utfordringar: Åleine med ungane (Mann sendt til BCN). Varm dag i emning, behov for nedkjøling av både den eine og den andre. Behov for positive fellesaktivitetar. Ein stk son, litt vanskeleg å motivere for nye ting. Snever i dietten, var for lydar og ståk, glad i å gå litt for seg sjølv. Ei stk dotter, for tida veldig VELDIG bestemt, har sine eigne idear om korleis ting skal gjerast, i LITEN grad opa for kompromiss.

Løysingsforslag: Nordnes Sjøbad, ikkje altfor langt å dra, etter bilda å dømme mogeleg å halde ungane samla. Sikkert ganske fullt og høglydt på ein forsommardag, men vi kunne jo dra ekstra tidleg, og frå før har eg funne ut at poden toler meir bråk og ståk når han kosar seg i vatnet. Førehandsmotivasjon viktig, så begge blei preppa med samtalar og bilde frå nettstad. Begge likar å bade, begge kjøpte ideen. Laurdagsbrusen, som ingen av dei rakk over i går, blei pakka. Pizzasnurrar blei tilberedt på morgonen, sidan desse lett kan tilberedast med forskjellig fyll, og ost kan leggast over nokre av bollane, til dei som toler sånt . Til minstemor forsøker vi meierifritt om dagen, sidan ho stadig klagar over magevondt.

Siger syntest å vere i sikte. Frøkna, etter eige utsegn, ‘våknet til fuglenes spill‘. Det er sånt ein kan oppleve når ein finn på slikt som å lese Wergeland for barna 🙂  Sant å seie var dagen smellvakker, vi hadde ein veldig hyggeleg prat i bilen på veg inn til byen, og snakka mellom anna om båtane vi passerte (ein damebåt, den med munn foran) og båten vi skal ta til Danmark i sommar.  Sidan parkering på Nordnes kan vere ei utfordring, parkerte vi like godt i Klostergarasjen, og spaserte. Poden var positiv og glad og villig til å berre sekken, frøkna tilbaud seg å hjelpe meg med bagen og hang hjelpsamt i det andre handtaket.

Vi passerte under lindetre som sto der i ny sommarkjole, og det heile var den skjære idyll. Badet var flott og ikkje var det lang kø heller. Rett nok var badet mistenkeleg fullt av pene menneske, sporty, allereie brune, men sant å seie har nok dei berre godt av å bli eksponert for litt andre impulsar. Så vi kom oss inn, fann oss ein plass og skulle sette i gang med badinga. Poden ba om å få gå i forvegen. Streng formaning om å ikkje gå i bassenget før vi andre kom, så for han av garde. Vi andre to spreidde handdukar og la frå oss pakkenellikar, tok med oss badeleiker og gjekk mot bassenget. Men alt halvvegs møtte vi poden. I hælen sat eit glasskår, ein knapp cm langt, som eg fekk nappa ut. Blod over det meste. Lappesaker hadde ikkje vi med, så langt rakk faktisk ikkje planlegginga. Ein badevakt peika mot personalromet, der dei hadde plaster, men ikkje sårvask. Vi fekk nøye oss med papirlommetørkle fukta i vatn.

Så sto eg der då, med ein unge som brått hadde misst absolutt all motivasjon til å bade, og som mest av alt berre ville heim. Ein annan unge som slett IKKJE ville heim, men som brått kom på at ho ville ha ARMRINGAR, og slett ikkje dei dumme flottørgreiene som ho for to veker insisterte på at ho MÅTTE ha, og som ho ikkje har fått prøvd skikkeleg før. Og med ein dag som skreik etter å bli brukt til bading. I landbassenget var det 27 C, i lufta 17 (men sol og stille), til og med i sjøen var det heile 16. Rrrrright, kva gjer ein? Trekk pusten. Ser situasjonen an, kva er det råd å få til? Overtalar poden til å sitte på land og vente ei stund, gir minsta tid til å rase frå seg, badar med henne i kanskje eit drygt kvarter, før poden viser teikn til å bli overmanna av ståk, støy og generell frustrasjon. Så pakkar ein saman og begir seg på heimveg. Vi klarte ikkje heilt å vere dei første inn, trass intensjonar. Til gjengjeld var vi dei første som gjekk, då.

No gjenstår eit lite etterarbeid. Trass trasig tilbaketrekning mot Klosteret, fekk poden ganske snart henta seg inn då vi kom heim. Likevel, han synest det er veldig vanskeleg å gi noko ein andre sjanse, når han først har hatt ei negativ oppleving. No gjeld det å overtyde han om at sjøbadet kan vere verdt ein andre sjanse, at han kanskje går glipp av noko om han ikkje prøvar igjen. For med unntak glasskåret og alt som kom i kjølvatnet av det, så var det altså ein ganske fantastisk tur!

Og sitatet? Det tilskrivast Eisenhower:

I tell this story to illustrate the truth of the statement I heard long ago in the Army: Plans are worthless, but planning is everything. There is a very great distinction because when you are planning for an emergency you must start with this one thing: the very definition of “emergency” is that it is unexpected, therefore it is not going to happen the way you are planning.

One thought on ““Plans are useless, planning is everything”

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *