Stryk

Frøken (Ikkjelengerfem) Skuleklar: Mamma, det lukter så godt av stryk!

Sanneleg godt å vite, når ein står og stryk i gryotta, fordi ein hadde vakt til sju dagen før og kom heim for trøytt til å stryke podens korterma skjorte – som han såklart skulle ha på til skulefotografering.

Og faktisk er eg heilt einig med henne. Når eg stryk, er eg hissig med dampen, og det er det nok nostalgiske grunnar til. Før bestefaren min pensjonerte seg, jobba han i renseri. Mormor og, i periodar. Når eg kom på besøk på jobben, sto ho anten med presse, rulle eller strykejarn. I bestefar sin ende lukta det terpentin og ukjende rensemiddel. I mormor sin ende hang dampen tungt, iblanda den deilige dufta av reint tøy. Når eg kjenner desse duftene er besteforeldra mine aldri langt borte. Rart eg trykker på dampknappen?

Bloggpost frå ein gong i mai-juni, som blei liggande i kladdeskuffen til no…

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *