‘Tjenare Kungen’ – skjønn gladpunk

Fredag kveld var eg kinoenke.  Med ungane i seng, var eg ikkje heilt sikker på kva eg skulle ta meg til. Sidan eg ikkje orka brette opp erma og  gyve laus på rot og rask, sette eg meg heller i godstolen og kanalsurfa. Eg kom ikkje lenger enn til Zebra. Ein facinerande, skjønn film, som eg dessverre ikkje fekk med meg starten av, stoppa vidare surfing.

Kva var så spesielt med denne filmen? No har eg i utgangspunktet eit svakt punkt i hjartet for svensk film, eller for Sverige  og film i det heile tatt, la det vere sagt. Først av alt stoppa eg fordi eg ikkje klarte å plassere filmen. Ikkje kunne eg hugse å ha høyrt om filmen, ei heller syntest den å la seg plassere i tid. På det tidspunktet eg kom inn i filmen, hadde to jenter, Abra og Millan, såvidt sendt ein demo til plateselskap/radioshow (OK, medgir her at mykje skjedde før eg kom inn, og at eg ikkje heilt har oversikta her). Utad seier dei at plateselskapet trur på dei, og at dei slepp ein single til jul, i røynda jobbar dei på pølsefabrikk i Gøteborg, medan dei forsøker å stable på beina  eit heilt band, ved namn  ‘Tjenare Kungen’. Sjølv spelar både Abra og Millan gitar, det held ikkje i lengda.

Eg lurte ei stund på på om filmen var om to glossy retro-punk-damer. Nokre sentralt plasserte 80-tals-TVar med tilhøyrande 80-talsshow,  og bussar som var utslitne allereie i mi tid, plasserte filmen – akkurat – på åttitalet. Når den likevel først framsto for meg som anakronistisk, så var det fordi akkurat denne filmen slett ikkje kunne vore laga på åttitalet. Og fasiten, som eg etterkvart kom fram til på IMDB, var då også og at filmen var sett i 1984, og kom ut i 2005.

Så kvifor kunne filmen ikkje ha kome ut i 1984? Vel, for det første syntest den meg å ha altfor mange fargar. Rett nok får vi eit kjapt blikk også i det dempa ferskenfarga 1984 (i røynda kom vel det først i 1985?), både pønkarane og resten av filmen syntest å vere så fargesterke. Litt mykje AGFA, liksom. Personleg oppfatta eg pønkarane som meir svartkledde, og åttitalet generelt som ei periode med gråskjær over fargane, både på film og i røynda. Filmkvaliteten var berre ein av grunnane. Sikkert var det eksos og asfalt som gjorde mykje, verda var famleis ikkje blyfri. Spreidde restar av det problematiserande 70-talet låg dessutan knugande over i det minste meg. I tillegg blei  alt misfarga av ei slags allstadsnærverande kjensle av ‘imminent doom’. Og dette var paradoksalt det året eg sjølv fekk innmontert rosafilter i brillene. Likevel, bortsatt frå Ronja Røvardotter, som kom året etter, har eg problem med å kunne hugse nokon realt positive filmar frå perioden. Og sjølv her står Ronja og Birk mot slutten konfrontert med arbeidsløysa, når dei no har gjort opprør mot røveri-karrieren. Noja, Skalle-Per hadde løysingar på det meste, og Ronja og Birk ville uansett klart seg gjennom alt, det ser ein jo. Nok om den filmen her…

Men ‘imminent doom’, hadde faktisk gløymt ka den bestod i,  måtte tenke nøye det. Ein kvar positiv ting som skjedde på film, framsto som eit mellomspel, gjerne noko ein berre kunne stele seg til i forbifarta. Raskt nok blei ein innhenta av realitetane, og dei var sjeldan noke særlig.  Det var alle mogelege slags brotne forhold (foreldre, vener, kjærastar), svik, dop, arbeidsløyse, forfall, skit, – og størst av alt var atomtrusselen. Ei av dei mest fasinerande scenene i ‘Generation X‘ er då hovudpersonen køyrer inn i Mexico og konfronterer, så blir løyst frå atomangsten. Først når eg las kapittelet, innsåg eg plutseleg at min eigen atomangst brått var blitt borte ein eller annan stad på vegen. Når? Ingen aning, det er som med haudeverk: så lenge den er der, sansar du den noke så ettertrykkeleg. Når den avtar, er du fri til å tenke på andre ting.

Abra har på si side ei sunn ‘go get’-haldning.  Nærmast som ei handballjente, skjønt tvers i gjennom pønk i si utforming. Det er lite forpint over Abra, ikkje ein gong over forsakelsane hennar. Abra er dedisert, fokusert, tvers igjennom positiv, tvers igjennom musikkelskande, men ho kjøper ikkje sceneplass, det skal ho ha!

I filmen flyttar Abra heimefrå for i bli pønkstjerne (Tvers over Göteborg? til G. frå ein forstad?). Sjølv flytta eg i 1984 tvers over to land og 1200 km av garde for å gå på folkehøgskule. Vel hadde eg bestemt meg for å bli marinbiolog, og å studere i Bergen, men eg hadde og ein sein nattetime latt meg overtyde om at det ville vere veldig bra for meg å ha eit avbrekk først, gjere noko anna. I ettertid kan eg ikkje sjå at vedkomande verken før eller seinare ga meg råd som var verdt å lytte til (om enn både eg og andre lytta nøye til ka han sa), men akkurat dette heldt stikk. Eg er evig takksam.

Ein grunn til at eg så lett let meg overtyde, var at Bergen rett og slett ikkje syntest meg langt noko borte. Eg hadde nok litt støv eg gjerne ville riste av meg, Stockholm syntest meg ein god plass for risting. Ei anna sak er at folkehøgskular i Noreg freista lite. Ein snittalder på såvidt over 16 og ein babysittermentalitet med strenge reglar for besøk på roma appellerte ikkje til meg. På Tollare var det absolutt 18-årsgrense, fleire linjer hadde 20-årsgrense. Dermed blei også elevane behandla som stort sett vaksne, eg opplevde den fridomen som fantastisk!

Filmen fekk meg, sært nok, til å tenke på kaffor eg sjølv (jamaldrande med Abra) ikkje blei pønkar. Svaret synest i første omgang openberrt, eg vaks opp på eit superstreit Sunnmøre totalt utan pønkete rollemodellar. På den andre sida, eg fann meg dårleg tilrette i mainstreamkulturen, og snuste på fleire subkulturar med meir eller mindre opprørspotensiale. NGU, obviously,  men og fredsrørsla, politiske ungdomsmiljø, NU, etterkvart bio/økomiljø (gjenkjennbare verda over) og Aniara. Teoretisk kunne eg jo like godt ha lest, kledd og høyrt meg opp på punk. Mi vennine klarte heilt utmerka å bli Bowie-blodfan, utan synlege ytre stimuli. Men problemet mitt var kanskje at eg ikkje fann meg heilt tilrette i  fandom, i noka form. Hadde problem med å innordne meg i rekkene, vere sjangertru. Så trass i ei periode som borderline skapgoth, så gjekk det liksom aldri den vegen (fandom-vegen) med meg. Litt for mange detaljar å kjøpe, litt for mange detaljar å halde styr på. Ism ism, ism ism. Oh well…

Dei dreiv heller ikkje med noko utstrekt misjonering, desse pønkarane. Dei var eksklusive, dei var kule, var ‘way out of my league’, anyway. Kunne ikkje plutseleg berre ha elga meg innpå, vel? Kva skulle eg ha sagt? Og når det gjaldt musikken, så svevde eg i den tid i den villfarelse at eg ikke likte pønk. I denne perioden var opprøret mitt politisk, mot det meste. I musikken var eg harmoni-søkande. John Lennon, Lava og Randy Crawford. Hm, tydeleg eg hadde eit visst harmoni-underskot, ja…

Alt i alt hadde eg ikkje rare sjansen som pønkar. Derimot set eg stor pris på ein film som får meg til å stille meg sjølv slike spørmål. Og som får meg til å glede meg over pønk. Og svensk skodespelarkunst anno 2005. Og tøffe jenter som står på! Anbefalast på det varmaste!

Og PS: Nemnte eg kor befriande det er når svenske karar spradar splitter nakne rundt? På åttitalet var det stort sett nakne damer vi fekk sjå 🙁 Bortsett frå i Ronja-filmen, då!

2 thoughts on “‘Tjenare Kungen’ – skjønn gladpunk

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *