Mammaen og Havet – Oceanic

m&h
Scoopane mine slik dei ser ut i høgremargen

Då bloggplattformen foreleden hadde litt midlertidig hikke, og det viste seg at instillingane på bloggen min hadde tilbakestilt seg, bestemte eg meg for å like godt ta litt oppussing. Heile bloggen var i grunnen godt moden for det.

Eg hadde i grunnen venta å finne eit hav (!) av nye, spennande design å velje mellom. Den gang ei. Derimot fann eg dette, som fall i smak hos meg. Det heiter faktisk også Oceanic, og det ser ut som om designaren har tenkt på dei fleste av mine behov.

I grunnen har eg behalde det meste av det gamle, men har putta nokre lenker nedst, i staden for i margane. Vil likevel gjerne reklamere litt for lenkene eg har øvst til høgre, der det står Bokstavar ++ og Liv og Røre. Eg har forsøkt å samle ulike lenker om tema som opptar meg på tenesta Scoop.it. Alle tidlegare forsøk på å skaffe seg slik oversikt har feila, men dette synest eg er heilt glimrande. Anten det er ein avisartikkel, ein bloggpost, ein film eller powerpoint frå Slideshare, så kan eg putte det i mi eiga vesle ‘nettavis’. Øvst til høgre kan du altså klikke på Bokstavar ++ for å sjå kva eg har samla saman om tema som bokstavdiagnoser, i hovudsak om autismespekterdiagnoser og ADHD. Den siste posten eg har lagt til vil vise under overskrifta om du vil sjekke om du alt har lese det før, eller  klikke direkte på den. Du kan lese litt om det i mi ‘nettavis’, eller klikke deg vidare til fulle artiklar via lenker.

Liv og Røre er artiklar om biologi, miljø og liknande: Igjen tar overskrifta deg til ‘nettavisa’, klikk på sist tillagte for å lese akkurat den.

I motsetning til min tredje scoop.it-straum, som eg brukar på jobben, gjer eg ingen forsøk på å gjere dette spesielt systematisk. Det er likevel ei hjelp for meg til å finne tilbake til ting eg gjerne vil kikke på igjen! Klikk gjerne på lenkene, eller ta ein kikk på heile Scoop.it. Kanskje er det fleire som har behov for eit system til å ta vare på ting dei skumpar borti på nettet? Dette kostar det minimalt av innsats!

 

 

 

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *