To gode kronikkar om spesialskular

I dag dukka to gode kronikkar opp i min Facebook-straum. Begge handla om utfordringane rundt skulegang for barn med spesielle behov. Ingen av dei skrivne i dag. Ingen av dei peikar på spesialskular som eit rett val for alle, men begge viser kvifor det for i nokre tilfelle er det einaste mogelege. Sjølve har vi valt nærskulen, men har vore opne for tanken om ein plan B og ein plan C. Den eine er frå Göteborgsposten, skriven i 2013 av Marita Falkmer, Curtin University Högskolan i Jönköping (som disputerte med avhandlinga From Eye to us – om delaktighet i grundskolan för elever med AST (2013), Barbro Ljungström, producent för TV-serien Liv med autism, UR og Nicklas Mårtensson, ombudsman, Autism- och Aspergerförbundet: Den inkluderande skolan er en helsofara för elever med autism. 

Den andre er skriven av forfattar Olaug Nilssen, kjend for mellom anna Få meg på for Fan, Kjøkenbenkrealisme og Stort og Stygt, samt diverse interessante intervju og kronikkar denne sommaren. I dette tilfellet er ho som meg: autism mom: Verda er ikkje perfekt

Sjølve har vi valt nærskulen, men har vore opne for tanken om ein plan B og ein plan C. Det har ikkje vore frustrasjonsfritt, samstundes som vi veit at nærskulane ‘våre’ har fungert godt over snittet. Dette gjeld i særleg grad ungdomsskulen, der det for oss har vore synleg at vårt møte med skulen ikkje berre er eit resultat av særleg engasjerte, kunnskapsrike og ressurssterke lærarar. I møte med til saman tre avdelingsleiarar (også lærarar må tidvis ut i foreldrepermisjon), kontaktlærarar, faglærarar og assistentar har det vore synleg for oss at vår oppleving er eit resultat av ein gjennomgripande tankegang på skulen. Gitt den type ressursar som fanst i nærmiljøet, dei spesifikke utfordringane vår son hadde og det faktum at han heile tida har vore omgitt av gode kameratar han har delt sine interesser med, kjenner vi oss visse på at vi har valt rett. På denne måten har han kunne halde på venskapen med sin ‘gjeng’, samtidig som han slapp daglege, stressande transportetapper. Han har kunna halde seg i vår vesle dal gjennom ti år med skulegang. Men vi veit og, svært godt, at dette ikkje er tilfelle for alle på autismespekteret, enn sei dei som har andre særskilte behov.

Behovet for brei ållmenn kompetanse i nærskulen handlar forøvrig ikkje berre om integrering. Eit anna aspekt er følgjande: Sist eg fekk tal for det, var gjennomsnittsalderen for diagnostisering av Asperger 11 år. No er det svært mogeleg at dette talet har gått ned sidan då. I tillegg blir snittet dratt opp av diagnostiserte vaksne. Likevel tyder tala på at mange på autismespekteret må vente på diagnose. Det er derfor ytterst viktig at den vanlege grunnskulelærar har kompetanse om kva som kan gi grunnlag for å starte ei utredning, samt om korleis ein best kan møte barnet i perioden før ein diagnose er klar. I vårt tilfelle tok dette rundt to år, det er mitt intrykk at det er eit typisk tal. Det er mitt inntrykk at dette ikkje er tillagt tilstrekkeleg vekt korkje i grunnutdanning eller etterutdanning for lærarar. Kommenter gjerne med ytterlegare informasjon, eller korrigeringar!

 

 

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *