Lest: ei sjølvmelding

Etter lang, lang tid er eg endeleg tilbake i 100 % tid på jobben. Ikkje 100% arbeidskapasitet, på nokon måte, men det er definitivt eit framsteg. Enno har eg ikkje så mykje tid og krefter til blogging, eller for den del lesing, men i gapet mellom bloggpostar som seier noko, postar eg denne, ei klipt og klistra oversikt frå LibraryThing over kva eg har lese pluss/minus siste året (eller, sidan juni).

Eg har halde fram med å lese klassikarar frå bokselskap.no. Men det har vore fleire tema dette året. Janssonåret har vi markert med fleire høgtlesingsprosjekt: ‘Den ærlige bedrageren’, ‘Rent spel’ og ‘Solbyen’ blei lese for meg. Sjølv har eg lest fire, eller var det fem mummibøker for minstemor. Då har eg ikkje ein gong nemnt mummikoppar, mummifyrstikker og denslags mummimemorabilia som blei kjøpt inn på helgetur i Göteborg.

I tillegg har eg lese heile tre bøker om Krigen (og endå ei om nokre krigar til): ‘Dei et ikkje sjokoladepålegg i Krigen’, ‘Morfar, Hitler og jeg’ og ‘Stemmene fra Pamano’. Den siste går forsåvidt lang tilbake før krigen, og held fram til meir eller mindre notid, men krigen er likevel tyngdepunktet. Når eg tenkjer meg om, gjeld dette også dei to første eg nemnde.

Eg skulle gjerne ha skrive eit par-tre linjer om kvar av bøkene, men orkar ikkje heilt i dag. Kanskje kjem eg tilbake med det? Kanskje litt tematisk? Kort oppsummert: Kan med handa på hjartet anbefale dei alle, men Solstaden/Solbyen eignar seg kanskje for spesielle høve?

Ta utgjeving/årstal med ei klype salt. Når eg ikkje finn rett utgåve tar eg det næraste eg finn. Derfor hender det det heller ikkje stemmer med språk. Så sant eg kan, les eg på svensk eller engelsk, framfor omsett 😉

Og ei sak til: Det ser ut som om eg heilt har unngått eit kvart overlapp med planlagd lesing (Sjekk bloggposten om leseliste for sommaren 2014). Korleis kan det ha seg?

 

Som kvinder er Dikken Zwilgmeyer 1995
The voyage of the Beagle Charles Darwin 2009
Nye Novelletter Alexander L. Kielland 2012
Norge i Sudan : på bunnen av sola Bibiana Dahle Piene 2014
Desperate personar : roman Paula Fox 2010
Dei et ikkje sjokoladepålegg i krigen : roman Ingunn Røyset 2014
  Morfar, Hitler og jeg Ida Jackson 2015
Jag ringer mina bröder Jonas Hassen Khemiri 2013
Den ærlige bedrageren Tove Jansson 1984
Rent spel Tove Jansson 1989
Solbyen : roman Tove Jansson 1976
Vente, blinke Gunnhild Øyehaug 2009
Stemmene fra Pamano Jaume Cabré 2009
Novelleter (1879) Alexander L. Kielland 1995
Flaggermus-vinger Hans E. Kinck 2011
Berømte menn som har vært i Sunne / roman Göran Tunström 1999

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *