Så mange ruter

Ruter

(I serien Frem fra skrivebordsskuffen. Eller Drafts-skuffen. Skrive i mars i fjor)

I helga var eg i Oslo. Jobb. Møte. Heilt fint. Og derifrå tok eg T-bane, det beste med heile Oslo. Enno betre enn Colosseum. Det eg har sakna aller mest frå Oslo. Eg reiser med Bybana kvar arbeidsdag og let som. Det er fint, det og. Temmeleg nær, berre ikkje heilt.

Snart tredve år etter, der på Blindern, tenkjer eg framleis på siste gong Blindern var MIN stasjon. Siste 6-timers deleksamen  i Biologi gjennomført, neste semester venta Bergen. Eg rekna på karakter, åtte delspørmål. Måtte ha stroke på det eine. Kor godt på dei andre? Fann eit snitt, eitt eg har gløymt. At eg berre bomma med to tidelar, DET hugsar eg.

Medan eg venta på bana, var det mogeleg å stå der med mobilen, sjekke avisoverskrifter, Facebook, Instagram, røkla. Men idet bana rullar inn på stasjonen, må eg legge telefonen i lomma. Trekke pusten sakte. Få det med meg. Alle folka. Rutekartet. Dei nye vognene. Alt som fer forbi utanfor.

Tankane kjem som perler på eit T-banenett. Eg kjem på den sommaren eg sneik på bana. Det kjendest som sommaren var like evig som han var varm, med sommarhotell på Kringsjå, bading i Sognsvann, flørtar som ikkje leidde nokon stad og skjørt som hadde nesten rett fasong, men definitivt feil farge. Visste ikkje kva som var verst. Ha det på, og i det minste ha forsøkt å treffe, eller strekke meg demonstrativt etter eit fullstendig motekrasj. Eg veksla, kunne ikkje bestemme meg. Reiste med bane, fekk ikkje til å betale, hadde ikkje rett mynt, kom til full automat, ga til slutt opp heile betalinga. Ingen sjekka. Besøkte venninner som kom innom storbyen. Korleis fekk vi avtalt det, utan fast adresse og heilt utan mobilkontakt? Besøkte bufaste kusiner som viste meg badekulpar som etter seiande heldt trettisju grader. Året rundt. Reiste hit og dit med T-bane, såg underlege verder. Det fanst folk som spelte spel med racketar og ballar og korte skjørt og nett imellom seg.

Eg ser ned på ein app, eit grindteikn. Nummerteikn. Rutenett. Eg har betalt, denne gongen. Eg kan sitte lenge.

Ein stad passerer ein stasjon der eg møtte ein fin fyr, måndagen etter ein helgeflørt. Men eg skulle reise 60 mil vidare, og vi var einige om at langdistanse ikkje var noko. Flørten var alt over. Reglane var uklare, eg visste ikkje heilt korleis det skulle vere. Og endå var det fint å treffast.

Seinare kom dei seine nettene, då eg budde der, då eg reiste fram og tilbake på måfå. Vi hadde enno ikkje funne ut av det med å løyse konflikter, mannen min og eg. Eg kom frå ein heim der temperaturen vart høg, der ein smelte med dører, der inga sak var for lita til å ta fatt i. Mannen min kom frå ein heim der ein såg ein annan veg når problema kom. Som møtte problema mildt avvisande, vona problema ville trekke på skuldrane og finne noko betre å ta seg til. Eg ville gjerne slutte å smelle i dører. Men å late som ingenting låg ikkje for meg. Så når ting gjorde vondt, fann eg ikkje noko betre å gjere enn å sette meg på T-bana og ta den til endes, reise tilbake og ta ei anna bane til endes. Valuta for halvårskortet. Det var mørkt, det var dystert, det var hjarteskjerande, men merkeleg nok aldri skummelt, anna enn den gongen eg tok bana til Frognerseteren og gjekk heim gjennom skog og alt.

Eg kan ikkje lenger hugse korleis eg hadde tenkt å avslutte dette. Kanskje hadde eg også fleire minne eg tenkte å ta med. Her og no ryddar eg i skrivebordsskuffen. Opp med seg! Berre så eg ikkje heilt har slutta å blogge, liksom…

 

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *