Takksam 52: Veke 1

wpid-DSC_3178.jpg

Finaste Maria på Kennel Vildnos utfordra meg med eit blogginnlegg, til å gjere eit prosjekt for gleda, eit prosjekt for takksemda, legge ut eit bilde for dagen, sjekk filmen ho har lagt ut. Også flottaste Ellen på Slaraffenliv postar eit bilde per dag på sin blogg. Ta ein kikk på bloggen hennar, så mange fargar, så mykje fint. Og eg, eg trekkjer pusten, veit at eg har publisert heile tre (3) blogginnlegg sidan august, veit at eg er ursliten når eg kjem heim frå mine femti prosent på jobb, veit at kreativiteten er på botnen, veit at det finst haugar av ting eg *burde* gjere, og tenkjer: Kanskje, kanskje klarer eg eit bilde i veka? Til å minne meg om at når livet klemmer til, så finst det likevel gode, fine ting eg gler meg over. Kjenner takksemd for. Som gir meg pusterom. Eg har vore innom emnet før, i posten Luksus (som dessverre har misst bilda sine). No skal eg forsøke å minne meg på dette, ein gong  i veka. Ha det i tankane og ha mobilen klar, for å fange det. Og legge det ut, utan all verdas billedredigering, system, pussing. Berre sånn!

Vi er i veke Ein. Kva er eg takksam for? Juleferien, og dei som tok imot oss og varta oss opp, stelte til, dekte bord og baud oss på godbitar, tende lys i kvar ei krå! For familie vi fekk treffe, skravle med, gå tur med, leike mimeleikar med. For pust av ope (la oss for ei lita stund gløyme Telemarkskysten bak synsranda) hav, som alltid, alltid set meg fri for ei lita stund.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *