Lest: These Days

I sommar heiv eg meg over ei leseliste med lyst og glede. Korleis denne leselista kom til, kan du lese i bloggposten ‘Om sommarlesing’. Sidan eg har kost meg sånn med bøker frå denne lista (og aktar å halde fram med det, til eg har lese resten), hadde eg lyst å skrive nokre ord om kvar av desse bøkene. Og nei, det er framleis ingen bokmeldingar eg skriv, berre eit forsøk på å seie kva ved desse bøkene som berører meg som lesar.

Den første eg kasta meg over, var These Days av Jack Cheng. Korleis boka kom til, støtta gjennom Kickstarter, kan du lese på Cheng sine offisielle sider. Den korte rapporten frå meg let slik: dette er det beste argumentet for sjølvpublisering eg har sett så langt.

Den noko lengre let meir slik: To menneske dumpar borti kvarandre i storbyen (NYC) – eller rett utanfor, IKEA ligg eigentleg i New Jersey, gjer det ikkje? Over IKEA-bokhyller fylle av Kingsolver-bøker (allereie her traff dei meg) kom dei i snakk. Ved første blikk synest dei ikkje som ein så aller verst match. Men etter kvart kjem hindringane til syne: Korleis skal ein i det heile tatt kople saman livet til ei dame som ikkje har mobiltelefon, ikkje tar privatsamtalar på jobben, som nektar å bruke e-post og som kun kan nåast heime hos seg sjølv, eventuelt på ein telefonsvarar, med ein smartphone- og (medie-)straum-avhengig mann som til dels lever, eller i det minste vil leve, av produkt ho ikkje fattar den minste interesse for? Dagens små ting (bli forsinka i eit møte, så ein ikkje rekk neste post på programmet i tide) får store følgjer, når ein ikkje berre kan ringe eller sende ei melding.

Og kven er mest ’tilkopla’ omverda, den som kontinuerleg lever på og i (den ikkje spesifiserte, og dermed ikkje tidfesta) straumen frå sosiale media, eller den som vil vere til stades fullt og heilt, her og no, og krev det same tilbake, men ikkje er til å få tak i eller tak på? For er ein ein gong fullt til stades, når ein ikkje viser fram fortida si, som har forma ein til den ein er her og no? Kven har mest atterhald, den som er klar som eit egg for å flytte saman og gå inn i eit forhold, men heile tida lar seg dra inn i distraksjonar, eller den som gir alt i augneblinken, men ikkje vil dele historia si, og dermed kanskje det som er nøkkelen til løysing? Boka gir mange spørsmål og få svar, og min lojalitet med hovudpersonen svinga etter kven som til ei kvar tid var i fokus, det var heilt klart mogeleg å sjå begge sider.

Eg trudde faktisk på begge desse to menneska, og heia voldsomt på begge to. Boka var full av referansar eg fekk med meg og endå nokre som suste forbi (truleg ein del fullstendig uoppdaga). Eg forstår forsåvidt kvifor historia endar som den gjer, men eg hadde på ingen måte lyst til å sleppe taket i personane då boka var slutt. Eg skulle helst ha fulgt dei vidare. -Kanskje skal eg ønskje meg ein sequel, typ, En mann og en kvinne, tyve år etter, eller Before Sunset, eller kanskje (meir realistisk?) som Before Midnight, som eg enno ikkje har fått sett?

One thought on “Lest: These Days

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *