Sommargleder

Mammaen les. Havet rett utanfor billedkanten

Sjuåringen hevda i går at ‘på en måte er det blitt vinter’, men denslags vil eg strengt tatt ikkje høyre snakk om. Ikkje gir eg frivillig slepp på sommargledene!

Og jo, det har vore mange utfordringar også. Logistikk og tilpasning skulle gå opp. Muligheita for å trekke pusten, kvile litt, måtte fordelast likeleg mellom oss vaksne, når det ikkje alltid var rom for så mykje soving. Vi måtte kontinuerleg vurdere og revurdere planar, innimellom gripe til plan B (eller C, eller kome på noke nytt). Vi heldt på å måtte avbryte og reise heim. Vi reiste heim bittelitt før planlagt.

Og likvevel, likevel så kjenner eg det som om dette er den mest somrete sommaren på årevis. Veret, såklart, men også aktivitetane! Feriane er så viktige for oss. Det er våre oasar, vi ladar batteria, dette skal vi leve resten av året. Den kan vere vi må tenke veldig annleis neste år, dette må vi ha vinteren til å tenke på. Nettopp derfor er det så deilig at mellom alle utfordringane, så blei det ein deilig, deilig ferie. Kva var det fine med denne ferien? Her er mi liste:

Sol. Sommarsol. To og ei halv veke, frå 18 C og opp. Ei og anna sky, ein og annan kraftig bris (til og med ein liten storm), to netter med regn. Og det levde vi inderleg godt med.

Shorts & sparsomme toppar. -Har eg vandra rundt i, så uendeleg deilig å sleppe å kle seg så veldig heile tida.

Bøker. Fin leseliste, gode tips frå twitrande og fjesande vener og bekjente, rom for lesing (greip eg når eg kunne, deilig med store ungar som ikkje må vaktast steg for steg), ideelle tilbod i lokale bokhandlar, spennande oppdagingar opphavets bokhylle. Rapport planlagt.

Familietid. Storfamilietid. I år gjekk kabalen betre opp enn på årevis! Tid med nevøar ein knappast har sett på årevis, små nieser som veks i hopp kvar gong ein snur ryggen til dei. Systretid. Tid med mor og tid med svigerforeldre. Neste gong, neste gong klaffar det kanskje med dei vi ikkje fekk sett i år?

Tur & tur & tur & tur! Og nokre utflukter, endåtil ein fest, tenk det! Angrar bittelitt på at eg ikkje installerte stegtellarapp på mobilen. Skulle skrekkeleg gjerne sjekke akkurat kor mykje eg gjekk (nei, jogge gjer eg ikkje. Går fort i staden). Mistenker at tur-hemmelegheita låg i å hive seg av garde på morgonen, og stort sett ikkje vente på at andre kunne vere med. Investerte i staden i sånn armgreie til mobilen, og let mobilen sin ‘Sense me’-funksjon analysere seg fram til ‘energisk’ musikk. Mykje fint, men rom for noko som er litt lettare på foten. Kan måtte be vener og kjende om tips til eigna trim-musikk (type temmeleg rask gange).

Utfluktene? Vandring i kystlynghei, Gamlebyen i Fredrikstad med Modelljernbanesenter og smule tælling på vollane, Isegran fort (forbannelse brutt), Strandtur til Storesand, Karl Johan opp til Slottet, Brevik (ti fots), Långegärde og Ekenes (sykkeltur) på Koster. Fantastisk Naturum, drøymer om å jobbe der ein dag. Eller ein sommar….

Kva ville eg hatt meir av? Alt. Kanskje særleg søvn og bading, men skulle aller, aller helst ha bestilt ein ‘dobbel’ av heile greia.

 

 

2 thoughts on “Sommargleder

  1. Eirik says:

    Veldig hyggelig at dere har hatt en så fin ferie, og den høres temmelig komplisert ut. Kystlynghei!—det er det lenge siden jeg har gått i. Noe av det jeg savner 🙂

    Josep og jeg—og Faig!—har valgt en enklere løsning: to uker på en fjellgård i Catalonia. Turer minst hver morgen og kveld (midt på dagen er det egentlig for varmt, selv om det hender at morgen-turen strekker seg heller litt for langt) og “små-bading” i en elv ikke så lang herfra.

  2. Kom gjerne hit for å kikke på kystlynghei! Eller vi kan møtast på Hvaler eller Koster – neste gong 🙂

    Fjellgard høyrest heller ikkje dumt og, særleg ikkje med elv å bade i. Fint for ein ung hund å ikkje reise så altfor langt. Klarte også enkelte dagar å gå tur morgen og kveld, men fekk ikkje det heilt til å bli ein regel. Men neste ferie???

Leave a Reply to Hege Cancel reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *