Om sommarlesing

These Days av Jack Cheng

Til stadigheit susar det gode boktips forbi. Nokon rekk eg å stoppe ved, snuse litt på, og tenke at den, akkurat den boka skal eg jammenmeg lese. Og nokre minutt seinare er tittelen fullstendig borte, forfattaren ein fjern person eg har høyrt om og ikkje hugsar nokon titlar av. Andre gonger hender det eg rekk å registrere tittelen i Librarything, under samlinga ‘meaning to read‘. For all del, ta gjerne ein kikk. Men mange av desse eignar seg slett ikkje til sommarlesing. Kvifor? Fordi dei ikkje er lette nok? Blafrar lett i vinden? På sett og vis. Vekt er eit problem, men tunge bøker les eg gjerne. Meir enn gjerne. Men kor mange av desse kan eg putte på Kindlen og suse på sommarferie med?

Fagbøkene på lista er stort sett sånne eg har i papir, på jobben, og sikkert kjem til å lese på bussen. Pendling har definitivt sine sider. På ferieturen gidd eg slett ikkje pakke dei med. Norske verk lar seg (med hederlege unntak) som kjent ikkje kjøpe for Kindle, det same gjeld svenske. Joa, eg les gjerne på mobilen, og kjem nok til å laste ned både svenske og norske bokappar med det første. Men på to område kan den definitivt ikkje konkurere med Kindlen min: 1) Mobilen er fullstendig håplaus i sommarsol. Det er slitsamt nok å forsøke å bruke den som kamera, og skulle sjekke om det blei noke bilde i det heile tatt. Og 2) Batterilevetida er heilt håplaus, om mobilen brukast slik. Og eg som har tenkt å bu i telt og alt. Ja, vi har ein gamml skraglete iPad, på fellesen. Som eg sjeldan ser snurten av når eg får tid til å sette meg ned å lese. Og den er igjen glossy og ikkje lett å lese på i solskinet. -Som eg altså har planlagt vi skal ha rikeleg av denne ferien.

Så i staden ba eg mine Facebookvener og Twitterfølgarar om Kindle-tips. Synest eg fekk mange knakande gode forslag. Her er kva dei foreslo (la deg gjerne inspirere):

These Days av Jack Cheng

Viste det seg at husbonden alt hadde, DRM-fri og ferdig konvertert, så denne lasta eg umiddelbart ned. Godt i gang. Veldig fornøgd så langt. Kjennest som å lese Microserfs for første gong, i oppdatert versjon og med innslag av Generation X. Og heilt utan at det kjennest som ein tam kopi.

Arrow of God og Things Fall Apart av Chinua Achebe.

Achebe er ein av dei eg lenge har tenkt å lese, men som eg ikkje kjem på når eg står i (laptop-)bokhandelen. Godt forslag, så eg kjøpte Arrow of God med det same.

Here and Now, brevvekslinga mellom Auster og Coetzee.

Har lest begge herrar før (aller høgst set eg nok faktisk filmane Smoke og Blue in the Face). Veldig interessrt i å høyre kva dei skriv til kvarandre, så denne har eg også kjøpt/lasta ned.

Ulvetid av Hillary Mantel

Denne var heilt ny for meg, men av beskrivelsen høyrdest den ut som ‘Borna i Nyskogen for vaksne’. Interessant tid, i barndommen las eg også ei bok sett frå Cromwell-perspektiv. Det var opprørande lesing for ein tolvåring. I ettertid har eg tenkt  mykje på den reaksjonen, det skulle vere interessant å lese seg opp på emnet. Høyrdest lang ut, og no vareg gjerne i ferd med å nå kapasiteten, denne kan eg kanskje laste ned når eg nærmar meg slutten på dei første tre? Kanskje haustlesing? Kan ein håpe på lange, rolege kveldar med stearinlys og te og ei god bok?

Among Others av Jo Walton

Også denne finst i husstanden, i multiple format, det leitast etter fil. Kan rett og slett hende den får vere med på makens iPad, som innelesing. Høyrest veldig spennande ut. Og ser det som eit dårleg teikn at eg ikkje lenger har tid til å snakke nok litteratur med maken til at eg får med meg kva som er hans nye favorittar?

Stag’s leap. Sharon Olds.

Beskrive for meg som ‘intense dikt’, damen fekk ein Pulitzer for desse. Spennande! Det minner meg på at eg har ei anna diktsamling liggande: Hvalfall. Hvalfall gjorde eg faktisk eit veldig iherdig framstøt for å få kjøpt elektronisk, men det stranda til slutt på formathikke, den viste seg å ikkje vere navigerbar i nokon e-boklesarar eg har tilgang til, eller på nokon dings (ikkje ein gong iPad). Fekk til slutt pengane att frå bokhanlder’n. Hvalfall treff meg på så mange feriepunkt at den nok får vere med på ferien, også i fysisk format. Meir om denne seinare, reknar eg med.

Pussig, dette med dikt. Dei ser ut som sånne små snuttar. Men faktum er at eg må ha mykje meir tid, må vere mykje meir tilstades, må vere mykje meir konsentrert for å lese dikt. Heilt umogeleg å lese på bussen, for eksempel. Men om sommaren burde det vel gå å få lest eit par? Så vurderer å kjøpe denne no, og håpe på kvalitetstid og periodevis mindfulness…

Å bake kaker i Kigali av Gaile Parkin

Kva veit eg eigentleg om Rwanda, anna enn grusomheitene som fylte media midt på nittitalet? Det er fint lite, og kokar ned til bekrivelsar frå Virunga (tenk ‘fjellgorillaer i skodde’ og Douglas Adams’ Last chance to see, og vent litt, kom ikkje han inn i Virunga via Kongo?) og ein biletserie på Facebook no i vår (takk, Mikaela). Absolutt på tide å finne ut meir. Denne er høgaktuell for nedlasting når eg nærmar meg slutten på forslaga som tikka inn først.

Beneath the Lions Gaze av M. Mengiste

Etiopia vil eg óg gjerne vite meir om, ikkje minst fordi eg har hatt ei venninne stasjonert der dei siste åra. Drøymer om å kunne reise dit, sjå Lalibela,  fjella, geladaer i det fjerne. Addis Abeba vann tidleg prisen for ‘mest eksotiske klang’ i mitt barnesinn (neste på stafetten var ‘Ngaoundéré‘). Men var det denne som slett ikkje berre var lett lesing, Mikaela? Og foreslo ikkje du ei anna, forleden?

Eg tar med to bøker som forsåvidt ikkje konkret ble anbefalt meg, men som var under lesing av folk som anbefalte andre ting:

Eksil av Jakob Ejersbo

Fatta absolutt mi interesse. På vent til eg har klart unna det grøvste av lista over, og kanskje (basert på omtalen) eit tidspunkt eg tåler ein trøkk? Den ser heller ikkje ut til å vere ‘Kindlérbar’. Lånbar, kanskje? Vårt fysiske bibliotek har ganske nøyaktig NULL tilvekstplass, og vi opererer for tida etter prinsippet om ei bok inn, ei bok ut! Hart val, derfor så mykje lettare å kjøpe ting elektronisk.

Black Mamba Boy av Nadifa Mohamed

Om denne tenkjer eg litt det same som om Eksil, men denne har kanskje nokre lysare tonar? På vent inntil vidare. Og denne er Kindlérbar 🙂

Då har eg sett bort frå to anbefalingar som såg ut til å kome frå sjølvpubliseriande forfattarar. Ikkje for det, kunne vere truande til kjøpe sånt og, eg, som eit eksperiment. Men ikkje når dei gir meg grunn til sjølve å ha skrive anbefalingane på Amazon, og det einaste som dukkar opp ved gugling er deira eigne nettstader.

Frå før hadde eg eit par nedlasta klassikarar på Kindlen, gratis frå Prosjekt Gutenberg: The wife, and other Stories, av Tsjekhov, og The Voyage of the Beagle, av Darwin. Dertil har eg eit par noveller att i  ‘The Girl in the Flammable Skirt’, av Aimee Bender. Likar å kunne veksle mellom fag- og skjønnlitteratur, korte og lange tekster, ulike steminingar. Så desse skal eg også halde fram å lese i. Alt eg treng no, er tid og ro på meg til lesing. A girl can dream, can’t she? God boksommar!

 

 

 

 

 

3 thoughts on “Om sommarlesing

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *