Marie Orlaug og Orlaug Marie

Frøken Fem i bamsenattkjolen
I bamsenattkjolen, den gong ho var Frøken Fem

Då eg skulle legge minstemor i dag, hadde pappaen tatt fram bamsenattkjolen, og då kom eg på at eg hadde ein bloggpost påbegynt. Denne nattkjolen er det nemleg oldemor, Orlaug Marie, som har sydd.

Ein gong for lenge, lenge sidan, skulle eg reise og vere hos besteforeldra mine på Folkestad. Eg elska å reise dit, vere på garden, få lov til å fore kyrne, forsøke med på å tiple (handmjølke dei siste dropane), og å sitje framfor vedkomfyren og spørje farmor og farfar ut om koreis det var i gamle dagar. Aller, aller mest spennande var det dei gongane farmor kom og henta meg fordi ei ku heldt på å kalve. Det var andakt over det, stå der medan framføter og sidan eit lite hovud kom til syne, før heile den glatte kalvekroppen gjerne deisa i golvet. Sidan skulle dei få mat, råmjølk, frå fat. Det var ikkje lett for desse små , nyfødde, som sette hovudet oppover med ein gong dei smakte og lukta mjølk.

Denne gongen skulle eg altså reise åleine. Sikkert ein av dei første gongane. Eg skulle få reise med nokon vi kjende, og blei henta når vi kom fram. Men då farmor hjelpte meg å pakke ut, så var det ingen pysj der. Har du ingen nattkjole, ville farmor vite. Og det hadde eg faktisk aldri eigd, berre pysjamasar. Ingen av dei var med no.

Farmor visste råd med dette, som med alt mulig anna. Klart ungen måtte få ein nattkjole! Slik var ho, farmora mi. Ho henta fram symaskina, som vel var ei sveivemaskin, og leitte fram stoffbitar. Fin flanell, med små, blå bamsar på. Berre at desse flanellsstykka var omtrent i bleiestorleik, og ikkje så lett å få sydd ein kjole av. Utan mønster av noko slag sette farmor i gang, sydde ihop stykke til skjørtet, andre til berestykke, andre til erme. På eit blunk hadde ho laga denne nattkjolen, min aller første. Biletet yter ikkje handtverket rettferd, for kjolen er sant å seie solid slitt. Brukt av meg til det var umogeleg å lenger hevde at han passa. Sidan truleg av søstrene mine. Og ikkje hadde eg reparert løsna trykknappar heller, før eg tok bildet. Så det synest ikkje så godt at dette var nett og fint gjort.

No er det altså Mariemor som får bruke oldemorkjolen.  Namnet har ho óg fått derfrå. Så denne kjolen er det ekstra stas med, ein kjole frå ei oldemor som døydde 11 år før Marie Orlaug var fødd.

2 thoughts on “Marie Orlaug og Orlaug Marie

  1. Turid Folkestad says:

    Tenk at denne kjolen eksisterer enda!!Så bra at jeg hadde glemt å legge ned pysjamasen, ellers hadde du jo ikke fått nattkjole!

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *