Nevrotisk nynorsk-kjærleik med forviklingar

Dei siste månadene har det gått smått med fagbøkene, romanar har eg derimot sust igjennom. Ikkje utan motstand, forsåvidt. Eg har nett fullført ‘There but for the‘, som eg først var lunken til (i fjor sommar). No plukka eg den fram att, og suste gjennom. Engasjerande, og langt mindre lettvinn ein ein kunne kome til  tru av omtale og innleiing. Ein mann vel, tilsynelatande overspent og sjølvopptatt, å okkupere eit rom hos eit par middagsselskapsvertar. Men når ein har tatt runda rundt Greenwich (mean time and not so mean time, boka leikar med både ord og fenomen) og menneske der, har ein kanskje eit anna bilde av kven og kva som er overspent, av kva som er oppmerksomheitssøking og ikkje. Som venteleg kan vere. Anbefalast, men om den er usentimental, er den ikkje smertefri.

Men før det har eg lest eit par bøker i ein genre som muligens kan kallast ‘nevrotisk nynorskkjærleik med forviklingar’. Desse skulle eg veldig gjerne blogge om, men bloggkondisen er det årleg med om dagen. Slit framleis med ein bloggpost frå første veka i januar.

Så når eg ikkje bloggar sjølv så kan eg på det varmaste ambefale to blogginnlegg som veldig bra oppsummerer det eg syntest om bøkene. Når det gjeld ‘Ho tok av seg blusen og sa ho var bibliotekar‘ (Bjørn Sortland) gir eg ordet til venninne (og bibliotekar) Eva (klikk, då vel). Glimrande omtale, fornøyeleg bok! Den andre romanen som fell i kategorien ‘nynorskkjærleik med forviklingar’ er ‘Kirsebærsnø‘ (Ingelin Røssland). Noko varare, framleis fornøyeleg. Heller ikkje den får eg skrive noko om, så då anbefalar eg denne omtalen, som eg kom over på Twitter (here be spoilers, men den som ikkje vil ha dei, kan stoppe å lese når dei kjem til kvelpane).

Synest det er forfriskande med denne boklege kjærleiken. Nynorskbøkene eg las i fjor var meir forviklingar, meir nevroser, mindre kjærleik: ‘Få meg på, for faen‘ (det er blitt fullstendig umogeleg for meg å seie noko på korleis det blir vaska på realfagsbiblioteket) og ‘Når ein først skal skyte nokon‘. Og så ‘Saganatt‘, då, som eg ikkje heilt veit kva eg skal seie om. ‘Ikke min Grytten’? Skal eg lese om dei aspekta ved åttitalet, trur eg heller eg går til Kjell Westö og ‘Drakarna över Helsingfors‘.

2 thoughts on “Nevrotisk nynorsk-kjærleik med forviklingar

  1. Og der vart eg minna på at “Når ein først skal skyte nokon” ligg på den evig lange skal-lese-listo mi. (Lurar på kva som hadde skjedd med meg i den bygda, eg med mine strilske o-endingar i hytt og vér?)

  2. Om ‘listo’ er eviglang, er skyteboka ganske kjapp å lese. Og førnøyeleg. I boka finn du ein i-person med ‘Toyoti’ og ein a-person med ‘Auda’, kva hadde du gått for? ‘Ducato’ synest for enkelt… Folkevogno, openberrt. Porscho?

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *