Passerer testen med glans

Side 69 frå ‘Sommarboken’ av Tove Jansson

Bokbloggen presenterer i dag 69-testen. Eit godt alternativ til å døme boka etter omslaget (tilstår å ha gjort det ved fleire høve, har ein muligens patologisk forkjærleik for biblioteksgranitol og biletside inni). Men altså, det finst gode alternativ. Også til å lese første side og sjå om det fengjer. Ein kan  i staden gå til side 69, sjekke korleis det står til der, og sjå om dette stemmer med krav og ønskje.

Dette måtte eg teste på ein av mine absolutte favorittar: Sommarboken. Allereie her kan ein sjå at dette er boka om dei store tema: Livet (Her: Skuffelsar, og dessutan det faktum at Mappe er liten, men veks opp til eit individ med eigne idear), havet (Indikert, Mappe er ein fiskarkatt) og kjærleiken (‘Man fortsätter att elska, svarade Sophia hotfullt. Man älskar värre och värre’). Slik skal det låte, Sophia! Rekn med ytterlegare testing framover 🙂

5 thoughts on “Passerer testen med glans

  1. Jeg har en utgave av Sommarboken fra 1972. Der begynner historien om Katten på side 51. Side 69 er midt i kapittelet Midsommar. Første setning som gir mening er:

    “Sin fisk stekte han på den heta motorn och han sov i en sovsäck av sälskinn som hans farfar hadde gjort.”

    Fint det og, men din side 69 består testen bedre.

  2. Det er den når dei er ute og bergar smuglevarer, er det ikkje? Heile boka er i grunnen nydeleg, men trur min absolutte favoritt er den med stormen. Heiter den rett og slett ‘Stormen’, tru?

    Eit ganske presserande spørsmål er ellers korleis ei handterer 69-testen i a) nettbokhandel og b) i Kindle-format. Eit godt salgstriks (for den som ville selje ting til meg) ville vere å frigi side 69 som smakebit 🙂

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *