God bokdag!

På verdas bokdag skulle eg ønske eg hadde orka å blogge ferdig om ei av bøkene eg har lese etter jul – Syngja. Men akk, så langt rekk ikkje kreftene i dag. I staden blir det ein kjapp klippe-og-klistrepost, sidan eg akkurat no snubla over Babels kanon – kva for svenske bøker bør alle ha lest? Her er det massevis å ta av, eg kjem ikkje til å sleppe opp for lesestoff med det første. Sjekk sjølv!

Under er bøkene eg alt kan krysse av på lista. Mange las eg alt som barn/ungdom, endå nokre då eg gjekk på folkehøgskule (Tollare, utanfor Stockholm). Sidan den tid les eg aller helst svenske bøker på svensk. Og her har vi jo ikkje ein gong med dei finslandssvenske!

Kva har du lese?

(Eg legg forresten til andre bøker  – utanom foreslått kanon – eg har lese av same forfattar)

Ett öga rött – Jonas Hassen Khemiri (Og Montecore)

Bröderna Lejonhjärta – Astrid Lindgren

Pippi Långstrump – Astrid Lindgren (og det meste andre dama har skrive!)

Gösta Berlings saga – Selma Lagerlöf

Röde Orm – Frans G Bengtsson

Glasblåsarens barn – Maria Gripe (Og Tordivelen, Skygge-trilogien, Fjerde etasje med heis, Agnes Cecilia, Fredrika, hvem er hun, burde ikkje nokonav desse vere på lista?)

Jack – Ulf Lundell

Kallocain – Karin Boye (Pluss Dikter)

Kapten Nemos bibliotek – PO Enquist

Ökenbrevet – Göran Tunström

Juloratoriet – Göran Tunström (samt Tjuven, Prestungen, Skimmer)

Eg hadde ikkje lese nokon av Lo Johansson-bøkene som var foreslått til kanon, men derimot Kungsgatan, som på det tidspunktet gjorde stort inntrykk

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *