Å synge i sømn…

Minsta skulle legge seg på nytt rom i kveld. Om det var spenninga i det, klokkeskruinga eller jetlag frå påskeferien som gjorde det, så var det uansett ikkje så greitt å få sove. Då har vi funne ut at det hjelper å få legge hovudet i fanget mitt, så kan eg synge til ho somnar. I kveld sleit eg med å kome på kva eg skulle synge, så eg forsøkte meg på den frå Hakkebakkeskogen, den med ‘Jeg synge vil en vise, alt om en revefyr’, men fekk kjapt beskjed om at det måtte vere ein godnattsong. Eg blei verande i Hakkebakkeskogen, for ‘So ro’ pleier å funke, men nei. ‘Du kan godt synge noe fra da du var liten, mamma.’  Og dermed var det å synge seg gjennom registeret, frå ‘Sov i ro, no godnatt’, som farmor brukte synge, via ‘Den fyrste song’, ‘Fager kveldssol’, ‘Dagsens auga’ og  ‘Gamle grendi’ (Rasofiel Rise-versjonen, fritt etter minnet), til ‘Kvitrende lerke’, ‘Over de høie fjelle’ og ‘Dansen på Rusakulla’, som min bestefar brukte å synge. Noko form for rettferd klarer eg ikkje å yte desse visene, men eg er faktisk oppriktig glad i dei. Ikkje akkurat godnattviser, alle, men melankolien heng tungt og sømndyssande. Godt og velprøvd. Har virka før, har virka på eldstemann og. Og minsta, ho somna frå all melankolien 🙂

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *