Og korleis gjekk det?

Heime igjen!
Heime igjen!

Fem dagar på Langedrag, korleis gjekk det i grunnen?

Foreldra sat jo standby, og heilt grunnlaust var det heller ikkje, som det framgår av den førre bloggposten. Vi hadde rekna med å høyre meir på tysdag kveld, når trøyttheita atter seig på. Men ikkje ein lyd. Onsdagen, når vi enno ikkje hadde høyrt meir, tenkte vi at det var bra sjanse for at han skulle halde veka ut. På den andre sida, om han då ikkje hadde fått nok mat og nok søvn, ville nok det vere slutten på eventyret. Nuvel, ingen lyd onsdag.

Torsdag begynte vi å tenke at dette skulle gå bra, likevel utan heilt å tørre å trekke pusten. Etter jobb henta vi Marie og nytta høvet til å gå på restaurant i byen. Peppes, for det ville Marie så gjerne. Til vanleg blir det ikkje akkurat å gå på restaurantar med alle slags blanda matlukter, det klarer ikkje poden.

På veg dit ringde telefonen. Poden var lett og glad i stemmen, og fantastisk avslappa. Han sat i grunnen berre og tenkte, og ville berre seie frå at han hadde det bra. Då først, når eg høyrde den avslappa stemmen, klarte eg å sleppe ned skuldrane. Så avslappa kan eg ikkje huske sist eg kjende meg. Og fredagen kom han heim. Ikkje fullstendig tappa og utslitt, slik vi hadde frykta, men framleis med ein liten buffer att. Kjekt med hest, endå kjekkare med eit bittelite kje dei blei kjende med. Somne hadde han gjort lett dei siste kveldane, etter frisk luft og fysisk aktivitet. Mat var det vanskelegast med. Frukosten klarte han ikkje å innta med dei andre, for då var det så mykje frukt framme. Middagane var litt opp og ned, nokre gode, nokre vanskelege. Kveldsen, derimot var god, for då var det dessutan kakao til.

Smertefritt gjekk det nok ikkje, men det gjekk. Han klarte det, kom gjennom veka, lærte nye ting, meistra. Og om så det aller beste på veka var å kome seg heim, så var dette eit langt, godt steg i retning av uavhengigheit! Som foreldre jublar vi, og sender eit takksam tanke til lærarstaben, som verkeleg sto på for at dette skulle fungere!

3 thoughts on “Og korleis gjekk det?

  1. hege says:

    Ikkje sant?

    Forøvring har han lese om ragdolls i Aftenposten Junior, og sett siste bildet av Solan på Instagram,og var heilt fascinert. Kanskje vi kan foreta ein studietur om ikkje altfor lenge?

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *