Klarsynt kompliment, eller?

Rakel Rummelfiold, AKA Sybil Trelawney

I går fekk eg eit slags kompliment frå min son. Han syntest eg såg litt ut som Emma Thompson, utan at han sa det på akkurat den måten. Men indirekte, altså. Eller, bildet eg har på bankkortet, då, som ikkje er heilt oppdatert. Så ein gong likna eg på Emma Thompson. Eller kanskje vi skal seie ein av hennar rollefigurar. Flott det, for eg har alltid sett stor pris på Thompson som skodespelar. Eller, kanskje eg skal vere ærleg og gjengi akkurat det han sa?

På det bildet ligner du på på Rakel Rummelfiold, mamma, med de brillene.

Akkja. Ikkje rare komplimentet med andre ord. Men eg tar det til meg, eg. Sanneleg ikkje kvar dag ein blir samanlikna med Emma Thompson 😉

3 thoughts on “Klarsynt kompliment, eller?

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *