Var det pausefisk ho kalla det?

Fann denne lista hos idajackson.no. Er det fisk involvert, tar eg det til meg. Særleg når det er skrive på nynorsk. Noko anna enn memer duge eg ikkje til i dag, likevel.

  1. kor gamal er du om fem år? Einogfemti. Issamejdå.
  2. kven var du minst to timar rundt i dag? Mariemor, aka Frøken Fem.
  3. kor lang er du? 165 cm, med krylryggen strekt ut
  4. kva var den forrige filmen du såg? Sherlock Holmes. OK, men den kunne liksom ha blitt veldig mykje betre…
  5. kven ringte du sist? Mamma
  6. kven ringte deg sist? Lissjesystå (yngste)
  7. kva stod på den forrige sms’en du fekk? At lissjesystå (yngste igjen) he ‘barnefri aften’
  8. føretrekk du å ringa eller senda sms? Ringe, men likar veksling. Ein deler forskjellige ting i forskjellige media, akkurat som ein snakkar om andre ting på kjøkenet enn i stova
  9. er dine foreldre gifte eller skilte? skilt
  10. når såg du mamman din sist? I november
  11. kva farge har du på augene? Blå, mest
  12. når våkna du i dag? Tidleg, men somna til slutt att. Trong ein ‘sovmorron’
  13. kva er din favorittjulesang? Har variert gjennom livet. ‘Det hev ei rosa sprunge’ og ‘Nu vandrer fra hver en verdenskrok’ var barndomsfavrittar
  14. kva er din favorittplass? Femdalssundet, Kråkerøy, med Mulevika (Nerlandsøy), Runde og Nord-Koster tett bak.
  15. kva plass likar du minst? Vanskeleg å seie, men alt med sånt industrielt-skittent, grått preg….
  16. kvar trur du at du er om ti år? Her, håper eg men med litt større fleksibilitet rundt meg til å finne på sprell.
  17. kva skremte deg mest om natta som liten? Pepperkakehusheksa ein venninne hadde på veggen.
  18. kva fekk deg til å le hardt seinast? Lissjesøstra, som fortalte om ein nøstebarnentusiast som kalla ungen sin Ulla. Fint namn, men trur ein skal passe seg for å kalle opp barna etter spesialinteressene….
  19. kor stor er senga di? 180 brei
  20. har du stasjonær eller bærbar datamaskin? Veldig bærbar. HP Mini Netbook
  21. søv du med eller utan klede? Med.
  22. kor mange puter søv du med i senga? Ei. Tempur. Avhengig.
  23. kor mange land har du budd i? Tre, Noreg, Sverige og USA.
  24. kvar har du budd? Litt for mange plassar, men har grodd relativt fast her i Bergen
  25. likar du sko, sokkar eller berrføtt? Elskar sko, men går enno heller utan. Sokkar, derimot, er noke heft…
  26. er du sosial? Mtja, periodesosial. Må ha godt med ladetid, kan vere skikkeleg sær einstøing om eg ikkje får det…
  27. kva er din favorittis? Prins-is på Bryggen. Eller Chocolate Fudge Royale eller Misisippi Mud frå Baskin Robbins, ellers alt med sjokolade, deig, valnøtter eller lønnesirup i. Ved nærare ettertanke, all is, unntatt den molteisen eg fekk ein gonn i barndomen.
  28. kva er din favorittdessert? Oreokake, eller sjokoladefondant, eller ein Brun Betty, kanskje? Men drøymer også om farmors hermetiske plommer….
  29. likar du kinamat? Ja, absolutt. Veldig glad i forskjellige typar dumplings.
  30. likar du kaffe? Ikkje så veldig godt, og toler kaffein dårleg. Kun i veldig festlig lag, og ikkje vanleg standard svart…
  31. søv du på nokon spesiell måte? På sida, er det så spesielt, då?
  32. kan du spela poker? Definer ‘kan’. Eg kan ‘the basics’. Likar leggepoker
  33. likar du å kosa? Veldig
  34. er du eit avhengighetsmenneske? Ja! Prøvar å bytte ut sjokolade mot kålrabi, delvis suksess….
  35. kjenner du nokon med samme bursdag som deg? Bortsett frå arveprinsessa? Min kollega er fødd same dag, same år, men i Beijing. Og vi er kinesisk sett nyttårsbarn 🙂
  36. vil du ha born? Har. Veldig fine 🙂
  37. kan du nokon andre språk enn norsk? Engelsk, og litt rudimentært tysk, pluss typ fem ord på spansk etter eit light-kurs….
  38. har du nokon gong vore i ein ambulanse? Ja, men heldigvis viste det seg at det ikkje var alvorleg.
  39. føretrekk du havet eller eit basseng? Havet, såklart. ‘Mammaen og bassenget’, korleis skulle det tatt seg ut?
  40. kva brukar du helst pengar på? Reising. Ferie.
  41. eig du dyre smykker? Utanom bunadssølvet, mope. To ting som er litt dyre, men berre etter min standard…
  42. kva er ditt favorittprogram på tv? House, New Tricks, Landet Brunsås, alt med Fredrik Lindström, alt med David Attenborough, men rekk sjeldan å sjå….
  43. kan du rulla med tunga? Jepp. Lage trekløver, til og med. Kjenner ingen andre enn meg og søskena mine som kan akkurat det….
  44. kven er den morsommaste personen du kjenner? Sonen min!!!
  45. søv du med kosedyr? Om du reknar Frøken Fem som kosedyr, så hender det…
  46. kva har du som ringelyd? Svarttrast, men spørst kven som ringer. Mine næraste har fått tildelt forskjellig kvitter
  47. har du klesplagg frå du var liten? Ja, nokre få plagg.
  48. kva har du nærast deg no som er raudt? Ei jakke eg fekk til jul
  49. flørtar du mykje? Berre for tøys. Eit under at eg ikkje sit åleine, sidan eg aldri klarte å flørte for alvor 🙂
  50. kan du bytta olje på bilen? Nei, men eg kan etterfylle og skifte dekk. Held vanlegvis.
  51. har du fått ei fartsbot nokon gong? Ehm, ja.
  52. kva var den forrige boka du leste? Twisted River av John Irving. Håper å få blogga om den.
  53. les du avisa? Jo, sjekkar regelmessig tre nettaviser (BT, Dagbladet og Aftenposten). Er dessutan innom Sunnmørsposten, Fredrikstad Blad og Vikebladet med mellomrom. Abonnerer på BT. Pleide å lese Morgenbladet, men sa opp abonnementet då eg innsåg at eg aldri rakk lese det. Drøymer meg tidvis tilbake til (barnlause) tider då eg gjekk på kafe og las engelske aviser. Kanskje kjem slike dagar tilbake?
  54. abonnerer du på noko magasin? National Geographic. Les frå perm til perm.
  55. dansar du i bilen? Kan finne på å trampe takta…
  56. kva for radiostasjon høyrte du på seinast? P2
  57. kva var det siste du skreiv ned på eit papir? Handleliste
  58. når var du i kyrkja sist? Til gudsteneste var eg sist i Ørsta Kyrkje,  i mai (barnedåp). Besøkte eit spesielt kapell med ei kjær venninne no i januar
  59. er du lykkelig? Mtja, i store trekk fornøgd? Det held for meg, det 🙂

59? Har tydelegvis slomsa bort eit spørsmål på vegen 🙂 Jaja….

3 thoughts on “Var det pausefisk ho kalla det?

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *