Zen og kunsten å feire jul

Nøye valt utsnitt….

Nei, eg har ikkje lest den motorsykkelboka, sjølv om eg nok gjer det ein dag, og muligens har samme tilnærming som forfattaren (iflg Wikipedia):
“it should in no way be associated with that great body of factual information relating to orthodox Zen Buddhist practice. It’s not very factual on motorcycles, either.” Den einaste assosiasjonen måtte vere eit lite hint av meditativ tilstand – som julefreden kan bringe.

I utgangspunktet kan det synest lite meditativt over julestria, og vanskeleg nok å få att pusten når ein først får fri. Eg har ikkje problem med å sjå kaffor mange slit med jula. Store forventingar det kan vere fullstendig umogeleg å innfri.  Smerte og dysfunksjonalitet finn opne vegar ut. Men på eitt eller anna vis har eg alltid vore glad i jula, eg. Sitrar i granduft, endå vi har konvertert til furu. Kveikjer ljos, dei skin i absulutt kvar ei krå. Vil ha raudt rundt meg (om ikkje altfor mykje, vi har alt raudt på veggane). Blomar. Småkaker. Mahalia og ‘silent night’. Eg slit med tung november, kavar meg gjennom januar (trass bursdag og alt), men desember er det som får meg gjennom vinteren. Og når eg til sist, motvillig, må kaste jula ut, skundar eg meg med å fylle på mer fargerike tulipanar, klamrar meg til vona om vår.

Det er mykje som skal klaffe for at juleroa skal senke seg. Mykje ein ikkje har kontroll over, mange feil ein kan gjere sjølv der ein har kontroll. Då vi sette bu, mannen min og eg, valde vi tidleg å feire jul for oss sjølv. Foreldra våre, stressa og middelaldrande, sto midt i krevjande jobbar og kav og tunge verv. Til jul skulle skrekkeleg mykje gjerast på skrekkeleg kort tid. Og mannen min og eg, vi rømte frå kavet. Vi var studentar, hadde fri over jula, kunne roe ned. Sette ein lågare standard. Bakte eit par småkaker vi likte. Klarte oss med mindre overdådige bord. Mindre nedvask. Mindre pynt. Og fekk meir ro, meir tid. Hadde vener på besøk. Las bøker, gjekk på kino annandag, spelte Trivial Pursuit, gjekk lange turar.

No er det vi som er middeladrande, tidsklemte, vi som kavar. Våre foreldre har funne roa, har tid, stiller opp, hjelper til så langt dei kan (og innimellom litt lengre). Vi har – ikkje veldig stressande jobbar – men lite tid. Ekstra ansvar. Rekk ikkje over det vi gjerne skulle ønske, prøvar så godt vi kan å rekke over det ungane ventar, det som gjer at dei kan finne roa, kose seg. Prøvar å sette vår eigen standard og ikkje forhalde oss til julepolitiet sine retningslinjer. Vårt mål er å kose oss med jula, ikkje å få eit godkjentstempel i boka. Derfor heiar eg fram slike prinsipp som ei veldig kjær venninne har: Ho bakar – mange slag, fordi ho elskar å bake. Huskaninene (vi snakkar ikkje liten  hybel her) får ligge i fred, for reingjering gir henne slett ikk je same glede.  Men kanskje mange har det omvendt?

Vi her i huset har det som mi venninne, berre med færre slag. Sirupssnippar og kransekakestenger er det uansett berre eg som et, så det kjøper eg. Peparkaker blir årvisst bakt når mormor er på førjulsvisitt. Og så bakar eg gjerne eit slag eller to til. For kosen, ikkje noke anna. Julebrev blir det dei åra vi rekk det, vanlegvis anna- eller tredjekvart år. I år rakk vi dessutan å førjulskose oss med å klippe & flette korger. Populært tiltak.

Altså, så det er sagt, så er eg ingen ekspert på julefeiring. Det går år mellom kvar gong det klaffar. Men når det altså gjer det, så synest eg det er fint å sjå på kva som var i blandinga, kva som fekk det til å funke. Her er noko av det som gjorde denne jula så fin:

  1. Ungane er større. Dette er såklart utanfor vår direkte kontroll, men meir meint som ein lovnad til dei med mindre barn – det BLIR lettare 🙂
  2. Vi starta førebuingane tidleg. Eg meniar ti-iiidleg, som i ganske tidleg i oktober. Joa, eg pleide også å vere sånn som synest pynten og reklamene kom for tidleg i butikkane. Men let’s face it, pakkene må vere klare til sending, og dei to siste vekene før jul er køane likevel så altfor lange, eitkvart innkjøpt tar tre gongar så lang tid som vanleg.
  3. Vi laga gåvelister. I år blei det mest bøker, og vi kjøpte inn etterkvart som ideane kom, eit par av gongen. Så blei kvar handletur overkomeleg, og vi slapp å stå i butikken og tenke. Hjernen min slår seg automatisk av etter etter ca 10 min på kjøpesenter… Slik sett hjelper jo også netthandel
  4. Vi pynta gradvis. Pleide å vente med med alt til veslejulaftan, for verkeleg å få den magiske kjensla av at no, NO er det jul, men det blir berre for mykje å rekke over. Heller ta det gradvis.
  5. Vi gjorde om køyreplanen på julaftan. Trettenåringen sukka eit par gonger før jul. Eine gongen ønskte han at hovudretten julaftan skulle vere graut, som han er veldig glad i. Andre gongen ønskte han at den store julemiddagen kom etter gåvene, så han hadde ro på seg til å spise uvan julemat. Og veslesøster synest uansett det var slitsomt lenge å vente på gåvene. Vi tok innspela på alvor. Klokka 14:00 sette vi oss og spiste julegraut, så pynta vi oss (nokon veldig, andre berre litt, alt etter eigne ønskje), gjekk rundt treet (brei semje, valde ein song kvar) og opna pakkar. Den skikkelege julemiddagen tok vi i sekstida, då den verste spenniga hadde lagt seg. Då hadde alle ro på seg til å få spist. Nokon blei veldig positivt overaska, hadde gløymt at julematen var så god. Positivt: Verken foreldre (som trass alt sto på for å få alt klart) eller barn (som var frykteleg spente) sov særleg siste natta. Dermed var det greitt å få feiringa unna, før perlehumøret tok slutt. Og ungane spiste som sagt bra. Bittelitt negativt: Klokka fem kom nokon på at det var no alle andre fekk gåvene sine. Kjapp nedtur (‘og nå er HELE julen ødelagt’), men heldigvis veldig midlertidig.
  6. Vi avtalte på førehand  å investere i vedlikehald. Ved å ta ei ykt morgon og ei ykt kveld klarte vi i store trekk å halde det måteleg juleryddig. Her gjorde det stor forskjell at ungane var blitt store og fornuftige! Veldig, veldig deilig.
  7. For mitt vedkomande blei noko nær meditativ tilstand oppnådd gjennom å legge bort mobil/logge av sosiale media, unngå nyhende, bla gjennom Frå tare til topp (mange nydelege og velkjende motiv), lese ferdig romanen eg heldt på med (Montecore), lese julehefte, lese innlegg for innlegg på Heimflyttarbloggen, sprette ein ‘ny’ (innkjøpt for månader sidan, men ikkje opna før no) roman (Vargtid, her omtalt hjå Eva), strikke, sove lenge (takk, barn, som sov til etter ni kvar dag), trekke krydderte….Nei, det fast ikkje store, ubrotne flater med tid. Men store nok, mange nok, ofte nok til at skuldrane sokk eit hakk ned for kvar dag.

Tildlegare år har vi gjort andre tilpassingar. Med AS kan førjulsspenninga bli i største laget. Mange gonger har vi derfor opna store og litt for spennande gåver nokre dagar før jul, vi har fortalt kva som er i pakkane, eller vi har fordelt pakkar over veslejulaftan og julaftan. I år var dette ikkje nødvendig. Tilbodet var der, om å vite kva som var i største pakken. Men spenning kan vere både gale og deilig. I år var spenninga positiv. Kjekt for alle.

PS: Etter å ha lese meg gjennom Heimflyttarbloggen, kjende eg at eg veldig gjerne ville kjøpe novellesamlinga Trampolineland. Det passar veldig bra inn i det meste, no, å lese noveller med titlar som  Forskningsfri og puliseringsplikt. Men blei veldig snurt over å ikkje finne android-versjon av Kortlest-appen til Gyldendal, . Derfor har eg tenkt å surmule over det nokre dagar, medan eg likevel les Syngja (som eg fekk, trykt, til jul). Lenger kunne eg ikkej strekke Zen-tilstanden. Så kjem eg vel motvillig, men uunngåeleg til å laste den ned på husbonden sin iPad 😉

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *