Ein roman om å lese

Har akkurat klappa igjen ei bok om å lese. Og det tenkte eg eg skulle skrive nokre ord om. Boka eg har lese er Jan Kjærstad si siste: Normans Område, utkomen i år. 

Ein smule skummelt er det å skulle blogge om ein roman med ein hovudperson som sukkar over bokbloggarar (og twitrarar), ikkje minst i kjølvatnet av kulturkjerringdebatten. Men eg trøystar meg med at bloggen min er bortimot usynleg, at Kjærstad faktisk breitt og raust tileignar boka ‘alle lesere’ (dvs inklusive kulturkjerringa ‘Mammaen’), at han forsåvidt teiknar eit glitrande bilde av ei førtifemårig dame (For så flotte er vi alle, sant? La oss ta det til oss, fort, før nokon rensar stemmen for å protestere) og at eg uansett har heilt andre planar enn å slakte boka.

Det sagt, så har eg innvendingar, og dei gjer eg like godt unna først. Eg er ikkje sikker på at eg kjøper elementet om hovudpersonens omkonfigurerte hjerne. Som den biologen eg er, så er eg enno mindre villig til å sjå på eit kvasomhelst slags trekk og seie noko om mulig retning av evolusjon framover (OKOK, det er ikkje berre eit blikk framover, eg innrømmer det). Eg var og i førsten litt tvilande til språket, som kan endre karakter frå starten til slutten av same setning. Men la gå, dette slutta eg å tenke over eit stykke inn i boka.

Hjerneomkalfatringa og evolusjonen er forsåvidt sentralte premiss i boka, men ikkje på ein slik måte at  resten fell saman om ein stiller seg tvilande.

Resten av boka flettar nemleg saman livet (i.e. lesing), havet (rundt Hvaler) og kjærleiken (som eg generelt er veldig for). Legg til referansar til Darwin og Beagle, og så sit eg på kroken.

Faktisk skulle eg klare meg lenge med dei to første. Kombinasjonen ‘lesing’ og ‘Hvaler’ (eller i mitt tilfelle like ofte ‘Kråkerøy’) kjenner eg godt til, og eg har kombinert dei gjerne, og så ofte som råd. Eit ord Kjærstad brukar er ‘vederkvegende’, og reint bortsett frå at det er eit ord det for meg sit langt inne å bruke, så er det temmeleg dekkjande. Høyr berre på denne skildringa:

Jeg satt i det behagelige baksetet med en sitrende fornemmelse da vi kjørte fra stasjonen og over på Kråkerøy, og fornemmelsen tiltok i styrke da vi nådde de første broene til øyene lenger ut og alt åpnet seg, som om et forheng ble trukket fra og noen samtidig slo på lyset. Nettopp det. For lyset skiftet karakter, eller ble påtakelig lys, for å si det sånn, og jeg rullet spontant ned vinduet for bedre å kunne nyte skjærgårdslandskapet og havluften, og hele skuet tok meg så merkelig sterkt at jeg like etter måtte be sjåføren svinge inn på en rasteplass og skru av motoren slik at jeg også kunne høre sjøfuglene og kjenne vinden i ørene.

Akkurat sånn er det å kome over bruene og sjå utover, og stadig køyrer eg inn til sida og ikkje berre lyttar til sjøfuglane og vinden og nyt den blåfargen ein berre finn på sjøstrekningar mellom Østfoldgranittgranitt. Eg prøvar og stadig å fange inntrykket på eit bilde. Det går aldri…

Og bøkene han skildrar, fangar meg like mykje, både dei ekte og dei fiktive. Som han skriv, utviklar hjernen hos vaksne seg ikkje gjennom å tilføre nye hjerneceller, men gjennom å endre mønsteret av nevronar som bind dei ulike hjernecellene saman. Med mine briller på insisterer eg på å sjå ein parallell til linjene han drar mellom ulike bøker, og mellom bøker og situasjonar han befinn seg i. Nåja, bøker kan vi heldigvis tilføye, også i vaksen alder. På eit vis minner denne boka, så gjennomvevd av peikarar til andre verk, meg om ei bok av Nick Hornby, The Complete Polysyllabic Spree. Begge spring hit og dit gjennom boklege assosiasjonar, får meg til å lage lister over kva eg skal lese framover.

Faktisk var eg så nøgd med bøkene og skjærgarden at eg først oppfatta kjærleikshistoria som forstyrrande. Og det var vel litt tanken til Kjærstad, mistenker eg. For er det i grunnen plass til både lesing, hav og kjærleik på ein gong? Les og sjå om du er samd med Norman og med Kjærstad 🙂

Det siste dryge året har eg lest fleire bøker eg har hatt lyst til å blogge om. Fleire gongar har eg skrive om leseopplevelsen tidleg og midt i boka. Sånt synest eg forsåvidt framleis at det er fint å dele. Mitt formål med å blogge om det, er ikkje å skrive ei bokmelding, men å skrive om leseopplevinga. Den kan faktisk vere veldig forskjellig tidleg og seint i ei bok.

Men nettopp derfor synest eg det er litt kjipt at eg så sjeldan har klart å blogge om bøker eg er ferdig med. Som regel er det ikkje fordi slutten skuffar meg, men fordi tida er begrensa, fordi bloggetid er tid eg ikkje får lest. Og ofte vel eg å kaste meg over ei ny bok i staden. Men denne gongen klarte eg det. Og kanskje skal eg også gå tilbake og blogge litt om bøkene eg har fullført det siste halvanna året. Eit par av dei var faktisk skikkeleg gode 🙂

PS: nemnte eg at vi støytte på Kjærstad i hamna i Skjærhalden i fjor sommar? Då var han gjerne midt i denne boka. Min mann blei ståande og skravle med han i ein halvtime, men eg er sånn pingle, så eg turte ikkje…

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *