Slike dagar

Mammaen sine sandalar. Havet er like ved...
Mammaen sine sandalar. Havet er like ved...

Når haustregnet bankar mot ruta  og kulingen susar taket, når restane av sommaren er pakka bort på loftet, når ein kjenner seg like kraftlaus som ein avrent fiskebolleboks og når sofaen og senga er det einaste som freistar, då er det godt å hugse at det og kjem andre dagar. Som denne frå i sommar, med sandalane parkert i strandvegetasjonen og sol og blide brisar og kroneis og sand mellom tærne og ihopkrøkte kronglefuruer. Og etterpå tørkar ein badetøyet på eit blunk i dei same brisane, og brettar alt klart til neste tur 🙂

Nytørka badetøy
Nytørka badetøy

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *