Montecore – en unik tiger

Cover frå Librarything

(av Jonas Hassen Khemiri, for den som lar seg forvirre av inførselen i Librarything, så les tydelegvis Rikard Wolff høgt i lydbokversjonen)

Dette er ei bok eg lenge har hatt lyst til å lese. Eg slukte Ett öga rött ein dag eg låg sjuk heime, likevel ikkje meir sjuk enn at eg hadde ork til å lese. Men så kom barn nummer to, og det blei ikkje lese meir. På lenge, altså….

Hadde faktisk bestemt meg for at dette skulle bli første svenske e-bok eg kjøpte frå dito for å lese på mobilen, men midt i julehandelen så fann eg denne på ‘svenskehylla’ på Nordli No 7  (høyrest nesten ut som ei parfyme, ikkje sant?), til den nette sum av 20,-. Dermed blei det papir.

Godt i forkant av Knausgård og Min Kamp skriv Kehmiri om ein ung mann med same namn som seg sjølv, ein forfattar som (som Khemiri sjølv) nett har gitt ut “den första romanen skriven på tvättäkta Rinkebysvenska”. Boka gjengir dialogen mellom forfattaren og hans fars ven, om boka dei i fellesskap skriv om Khemiri sin far, samt utkast til kapittel. Ganske snart blir det klart at dei har kvar si subjektive oppfatning om sanninga, og dertil kvar sin måte å pynte på denne sanninga. For ikkje å snakke om kvart sitt sett med rein ønsketenking, raust spreidd over toppen.

Det er ei bok om foreldre og barn og kløftene som kan oppstå, om stad (Stockholm) og om tid (hovudsakleg sekstital til totusental), om identitet, språk og radikalisering. Slik sett er boka minst like aktuell no som for seks år sidan, og minst like aktuell i Noreg som i Sverige, sett i lys av hendingar dei siste par månadene. Den ER omsett, men lurer på om dette ikkje er ei bok som fort misser nokre lag i omsetjing? På den andre sida er språket eit slags svensk med tilleggsfuksjonalitet, ikkje nødvendigvis heilt enkelt å manøvrere i om ein frå før kvir seg for å lese svensk. Om så språket skulle bli noko ribba i omsetjing, så held historia åleine i massevis!

Altså, romanen treff meg for det første midt i ‘framandgjeringå’, om eg får uttrykke meg som ein  morgonkåsør i NRK. Ein som føler seg tokulturell allereie i spenninga mellom aust- og vestlandet kan berre begynne å ekstrapolere. Dernest er fleirkulturalismen ikkje lenger frå Flaktveit enn at eg i perioder har passa på å alltid ha kyllingpølser i frysen og kalkunsalami i kjøleskapet. Såklart. Min sons vener skal kjenne seg velkomne i vårt hus. Nokon ville ha ostisar utan ketsjup, andre ville ha utan skinke. Meir komplisert treng ikkje akkurat det vere. Men kva kvardag venene lever i, kva stikk dei får, kva utdanning foreldra har eller kva jobbar foreldra ikkje har fått, det har eg ikkje ein gong turt å spørje om. Men heilt uavhengig av utgangspunkt og gjenkjenning, så er dette ein av dei romanane som evnar å gi lesaren ei slags forståing, som nesten opplevast som gjenkjenning, sjølv av det som ligg langt utanfor alt ein sjølv har kjent på kroppen. Slik sett minner den meg om å lese The Bluest Eye av Tony Morrison. Også denne blei smertefull å lese, fordi ein sat att med ei kjensle av å ‘gjenkjenne’ når ein i røynda aldri har opplevd noko som ein gong er i nærleiken. Sånt er stor forteljekunst!

Men i motsetning til The Bluest Eye, så er Montecore også fornøyeleg lesing. Både språket og kræsjet mellom forteljestil og sanningar fekk meg til å trekke hyppig på smilebandet. Særleg er den første delen ein sann svir å lese. Og om romanen traff meg midt i ‘framandgjeringå’, så traff han meg og midt i ‘romantikken’- På eit punkt kunne eg omtrent sjå meg sjølv smette inn i ei sidegate i bakgrunnen. Det var eit Stockholm eg kunne kjenne att frå mitt folkehøgskuleår, ein by eg nok har eit romantisk forhold til.

Tonen i boka blir etter kvart beiskare, men også frå Oslo var det tydeleg å sjå at rammene i Stockholmvart tøffare utover åttitalet. BSS aksjonerte på T-centralen, trakasserte innvandrarar og hindra dei tildels i å kome fram. Først når motaksjonen kom på plass, kom politiet. Den første lasermannen kunne eg derimot ikkje hugse, anna enn at eg visste at Mangs var ein slags copycat.

Dette er absolutt ei bok eg vil anbefale til den som ønskjer å lese ei bok som både er viktig og gneistrande god. Mykje å tenkje over, og ingen lettvinne svar.

Eit lite PS mot slutten: Det ga unekteleg eit spesielt perspektiv å lese denne boka rett etter Sherman Alexie sin svært sjølvbiografiske The Absolutely True Diary of a Part-Time Indian. Rett nok er Arnold Spirit Jr. meir på alder med Halim i Ett Öga Rött, men om ein for å setje det på spissen er ‘marginalisert innvandrar’ eller ‘marginalisert urinnvånar’, så må ein uansett finne ut av dette med etnisitet og kanskje óg eigen rasisme. Familie er umåteleg viktig i begge bøkene, men der Khemiri sin far (og mange rundt han) prøvar og prøvar utan å klare å lukkast innan rammene i det svenske samfunnet, så har alle rundt Alexie sin hovudperson berre rett og slett gitt opp. Ingen ekspert er eg, men resignasjonen Alexie skildrar var umidellbart synleg for meg, sjølv på eit kort treverkers utvekslingsopphald på reservat. For begge er skrivinga ein slags veg ut, eller gjennom, noko slikt. Sjølv om ein svensk i grunnen tiger….

One thought on “Montecore – en unik tiger

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *