Bare ha det bra…

Poden har ei veldig god periode om dagen. I går kveld hadde han lagt seg, men ikkje slått av lyset.

Eg: Burde du ikkje slå av lyset og legge deg til å sove?

Poden:  Nei, jeg har i grunnen mest lyst til å ligge her litt og bare ha det bra. -Og kanskje høre på litt musikk, om jeg får lov?

Treng eg nemne at mammaen smelta?

Det mammaen derimot ikkje gjorde, var å skrive ferdig og publisere denne vesle bloggposten, og no har det gått nokre månader. I mellomtida har eg fått tenke masse på kva det vil seie å ha det bra, og kva ein kan gjere for å ha det godt, også innan trange rammer. Lett er det ikkje, men det går an. Og faktisk, så har poden hatt mange sånne dagar i det siste. I dag tidleg rigga han seg til på romet med ‘Frokost, katten og lydbok. De tre tingene jeg trenger for å ha det bra’. Godt å ha dei tre tinga. Endå betre å ha den innsikten, og sjølv vite kva som skal til!

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *