Harry og Sally og kaffor p***** skulle det vere så vanskeleg å ha mannlege vener, liksom?

Ein kan jo lære mykje forskjellig av vener….

Eg kan ikkje hugse korleis eg kom opp i diskusjonen. Eg befann meg temmeleg langt vest og sør for Bergen, på ein sandbanke bebygd med for meg eksotiske bungalowar, samt eit typisk forskingsbygg i betong. På den neste sandbanken, rett over sundet, fanst det ein ikkje mindre eksotisk bestand med forvilla (eg tullar ikkje) hestar. Etter seiande stakk dei omtrent idet spanjolane førte dei i land, om ikkje før. Såg eg over den andre skuldra, såg eg til ein by så liten at andre dagen eg var der, kjende lokalbefolkninga meg att og stoppa for å slå av ein prat (‘Det er du som er på intervju på grad-school, sant?’). Eg hadde vore innom dei fleste av dei anslagsvis ti butikkane, det lokale (faktisk temmeleg imponerande) sneglemuseet, ein folk-konsert (Catie Curtis) og ein real cajun/zydeco-inspirert mardi-gras-fest dagen før, sanneleg ikkje rart dei kjende meg att 😉 Må seie det var eit imponerande stykke integreringsarbeid dei lokale studentane la ned, det var faktisk svært freistande å takke ja til tilbodet om å bli der 🙂

Men der og då var eg altså berre på intervju. Og så sto altså denne karen i matsalen, auste opp mat til meg mot ein matbillett, og forklarte meg akkurat kaffor det var var fullstendig umogeleg for Harry og Sally og forbli ‘berre vener’. -For om Harry (eller Sally) no er så grei å vere med, så vil ein før eller seinare begynne å samanlikne, og då er det ikkje sikkert at kjærasten kan leve opp til det. Og då er løpet kjørt. Korleis vi kom opp i diskusjonen? Kva veit eg, kanskje noko rett framfor meg i køen sa noko slikt som at ‘I’ll have what she had’? Det skal ikkje alltid så mykje til for at ein hiv seg over dei store spørsmåla i livet. -Eg på  mi side kjøpte ikkje heilt argumentet, hadde mange mannlege vener, syntest eg. Enn så lenge.

Anyway. Før skulen hadde eg to-tre veldig gode venninner. Resten var kameratar, som delte mi interesse for å klatre, lese teikneseriar, bygge, klippe ut og sette saman papir-tipiar. Og dampmaskin eller mekano, det fekk eg jo aldri sjølv, så der var eg heilt avhengig av kameratar og fetrar for tilgang. Ikkje fekk eg bil- eller fly-firkort heller, men var lett å rekruttere om gutta skulle samanlikne sylindrar, dører og sete i slike spel. Men då vi flytta, tilsa nye lokale retningslinjer at gutta skulle behandlast med varsemd. Som om dei var pestbefengte, for ikkje å seie direkte giftige, så eg innordna  meg. Eg gjorde ingen forsøk på å finne nokon der som kunne tenkast å låne meg Sølvpilen-samlinga si. Ein smule abstinens må eg nok likevel innrømme at eg hadde.

Litt ut i universitetsstudia gjekk det opp for meg at det nesten var lettare å få mannlege kameratar enn venninner. Det hadde nok mange årsaker. Eg meinar, eg synest det var spennande å snakke fag, og det turte dei andre damene sjeldan kaste seg ut i. Eg hadde dessutan relativt lav terskel for å bli lei av sminke- eller stretch-lakenprat, som nokre (NB: på langt nær alle) i omgangskrinsen syntest å dyrke.  Eg var i det heile tatt interessert i å diskutere, og igjen var det få jenter som greip ordet. Eg var faktisk så lite feminin at eg kunne finne på å fullføre både argument og setningar (lang læretid hos min diskusjonsglade bestefar). Gutta syntest alltid å ha noko meir interessant å prate om (fotografering, dykkemedisin, H2G2), så eg treivst med dei, hang over i deira krok. Dessutan var det lettare å la vere å samanlikne seg med gutta. Det føltest veldig avslappande, i eit elles eksamenspressa tilvære.

Og såklart. Det ER ikkje risikofritt å ha mannlege vener. Eg skal ikkje ein gong hevde at hjartet aldri har slått eit ekstraslag. Samstundes så er det nokre faktorar som vaksinerer mot risiko: For det første, så gjekk eg inn i studiet så inderleg, sjølvalt nygift, så allereie der var jo premissane lagde. Mykje potensiale for mistydingar rydda av vegen.

Aller mest trur eg likevel det hadde å seie at ein nærmar seg folk annleis om ein ønskjer å innstifte eit venskap enn om ein ser ein potensiell partner. Med ein potensiell partner posisjonerer ein seg, forsøker å vise seg frå si beste side, gjer alt for å halde att sine mindre tilltrekkande tendensar. Det er mykje godt å seie om det, for eksempel kan ein i prossessen faktisk ende opp med å oppgradere seg sjølv ein smule, bli ei litt betre utgåve av seg sjølv. Og såklart, noko av dei same kreftene er i sving når ein ønskjer å få nye vener, kvinnelege som mannlege, ein vil jo ikkje framstå som ein komplett dust. Samstundes ligg det i ganske mykje meir rom for å utlevere seg seg, fortelje om sine tabbar, nederlag, sitt eige dusteri. For skal ein vere ærleg, så er det ikkje nødvendigvis når ein zoomar inn på godsida vi menneske har mest å lære kvarandre. Det er ein god eigenskap vi menneske har, som kan sjå på kvarandre og lære, i alle fall litt, i alle fall innimellom, av andre sine tabbar. -Om altså nokon tør dele.

Og romet for å tolerere tabbar er større når ein er vener. Det er lettare å forsvare ein ven som tabbar seg ut, ein lever ikkje midt oppe i den direkte konsekvensen, som med ein livspartner. Med andre ord kan ein vere romslegare, meir forståelsesfull, meir tilgjevande, ta seg meir tid til å tenkje etter., om det i grunnen var så ille.  Og sant å seie kan det hende denne forståinga også på sikt kjem ein partner til gode….

Så blei dei borte. Nokre  fekk ny dame, blei heilt oppslukte, hadde ikkje tid lenger. Nokre blei saman med ei dame som syntest det var litt skummelt at kjærasten hadde kvinnelege vener. Nokre blei saman med damer som det ikkje funka å møtast parvis med. Nokre slo opp med dama og måtte egne seg fullt til sjekking. Nokre flytta. EG flytta. Nokre blei ferdige å studere, og fekk jobb. Nokre SKIFTA jobb. Og for kvar endring, skala det av vener. For det er noko der: Ein kan alltid misse kvinnelege (same-kjønna) vener ved alle slike skifte. Misse kontakt, bli oppslukt, men sant å seie blir det fort noko litt mistenkeleg over det om ein jobbar litt ekstra for å halde på mannlege vener gjennom slike skift, blir det ikkje? For då er det raskt nokon som stiller tvil med om ein verkeleg berre ER gode vener?

Eg hugsar tidspunktet då eg kasta inn handduken. Det var den dagen eg fortalde ein mann eg kjenner at eg skulle ut å spise middag med ein av mine få gjenverande mannlege kompisar. Han såg alvorleg på meg, og betrudde meg at han aldri ville latt kona si gå ut og spise med ein mannleg ven.

*Sukk*

Nei. Det ER ikkje risikofritt. Men risikoen er heller ikkje SÅ stor, og TENK alt eg hadde gått glipp av, om eg ikkje hadde blitt kjent med desse karane! Tenk alt eg ikkje hadde lært, tenk alle historiene eg ikkje hadde høyrt, tenk all underhaldninga eg hadde gått glipp av. Tenk all innsikta eg ikkje hadde fått. Denne bloggposten starta eg på tre eller fire år tilbake, mange tankar har gått gjennom hovudet før eg no er klar til å publisere. Denne bloggposten går til dokke, mannlege studiekameratar, lagsvener, jobbekompisar, vener av vener etc. eg har misst. Har sakna dokke, har eg 🙂

PS: Skuldar å gjere merksam på at eg har GODE mannlege vener att, desse er stort sett anten homofile eller gifte med venninnene mine. Absolutt ingenting gale med nokon av delene. Og kvifor er det heilt greitt å ha lesbiske venninner? Eller er det kanskje ikkje det? Oh well, sluttar her, eg, før det blir altfor komplisert….

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *