Blirre no’ mussikk, ‘a?

Musikk er ei personleg greie. Eg meinar, eg elskar musikk. Eg treng musikk som eg treng å puste. Eg vil ha musikk til å dykke i, drukne i, ruse meg på, trøyste meg med.  Aller helst skal musikk treffe med full kraft midt i brystbeinet. Men snakke om det? Eller skrive? Det er litt som om eg skulle forsøke å uttrykke meg på urdu, veldig lite meiningsfylt eg får sagt.

Men. Eg har oppdaga ein ting. Musikk for meg, det er sinnstemning. Eg trudde først eg kunne bruke glad musikk til å muntre meg opp nå eg var trist, livat musikk til pigge meg opp når eg var daff, sløv musikk roe meg ned når eg var gira. Eg fungerer heilt omvendt, eg, og må høyre på musikk som (eg synest) passar den stemninga eg er i. Anna er eg sjeldan mottakeleg for. Er eg trist, høyrer eg på det sørgelegaste eg kan finne.  Er eg opprørsk, er det greitt å høyre på sinna og fandeninvoldsk musikk. Renskar godt opp, det!

Her er mitt musikalske arsenal: Det eg kan, lenkar eg til YouTube eller Spotify. Jepp, det grå er lenker, så klikk om du er nyskjerrig  😉

Tre sørgjelege

Imperiet: Märk hur vår skugga
Thåström (‘Tjenare Kungen’, veit ikkje kven som framfører): Ibland är det bara för mycket
Mozart: Reqiuiem (Confutatis)

Tre trassige

Beck: Loser
Tracy Bonham: Mother, mother
Alanis Morisette: One hand in my pocket

Tre ettertenksomme

Miquel Gil: Un silenci
Ravel: Pianotrio i A-moll
Neil Young:  Dead Man (Heile albumet, i grunnen)

Tre glade

One World One Voice: Den som kjem etter Mari Boine her 😉
Aretha Franklin: Think
Dumdum Boys: Splitter Pine

Tre passe laidback

Lionel Hamton and his Orchestra: Shades of Jade
Cale: Cajun Moon
Totte Wallin: Morronpasset (Startar 30 sek uti)

Tre romantiske

Randy Crawford: Imagine
Eric Clapton: Wonderful tonight
Lighthouse family: Ain’t no sunshine

Tre duggfriske

Knudsen og Luvigsen: God morgen Norge
Count Basie: The  kid from Red Bank
R.E.M.: Shining Happy People

Tre sexy

Etta James: Damn you eyes
Eric Clapton: Old love
Robban Broberg: Extranummer

Tre sære (men kule)

Lorraine Feather: Very unbecoming (Lyrics), sidan denne ikkje er å finne spelbar på nettet, lenkar eg til ‘Where are my keys‘, som er nesten like sær…
Angelíc Kidjo: Bolero
Miquel Gil: Cancó dels Traginers

Tre politiske:

John Trudell: Bombs over Bagdad
Randy Crawford: Give Peace a chance (Lennon, såklart). Kan eg ikkje finne smakebit av på nettet 🙁
Mari Boine: Na Darvanii Jahkku (Meir Lennon). Ikkje denne heller. Æsj!

Tre intense

Sinead O’Connor: I am stretched on your grave
Thåström: Ingen sjunger blues som Jeffrey Lee Pierce
Alanis Morisette: Your house

Tre livate

Aretha Franklin: R.E.S.P.E.C.T.
Zap Mama: Brrlak!
Sharon Jones and the Dap Kings: 100 days

Fire (!) berre rett og slett inderleg vakre

Pink Floyd: Shine on you, crazy diamond
Jevetta Steele: Calling you – Bagdad Cafe
Dire Straits: Private investigations
Zbigniew Preisner: Enfer

Bonus track – Ein song eg spelar innimellom som ein dult i sida på min kjære:

Madness: Our House

http://www.robertbroberg.se/texter/upptext.html#extra

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *