Om kjærleik og kjøleskap

Mammaens kjøleskap, som ber preg av entomologi og barn i skjønn forening. Samt ein einsleg insektetar....
Mammaens kjøleskap, som ber preg av entomologi og barn i skjønn forening. Samt ein einsleg insektetar….

Du får eit barn. Kva ønskjer du å gi dette barnet? Kjærleik. Tryggleik. Spenning og glede. Alt godt du kan tenke deg. Og korleis gir du barnet kjærleik? Du klemmer det, stryk det over håret, kyssar det, snurrar det rundt!  Sender det beroligande, varme blikk. Held det godt, godt inntil deg. Og tryggleik? Du held om det, når det gret, når det er redd, når det har det vondt. Og korleis veit vi det? Vi kjenner det på oss! Sjølv var eg aldri lukkelegare, tryggare, kjende meg meir elska enn når bestefar min lyfte meg opp, snurra meg rundt og ga meg eit smellkyss på kinnet. Det er det vi treng sjølv, og det er det vi ynskjer å gi vidare. For når vi trong (og treng) det, så er det vel det alle barn treng? Inst inne? Inst inne treng vi mest av alt kjærleik og fysisk kontakt?

Men kva gjer du så om du får eit barn som ikkje har det slik? Eit barn som har eit så følsamt sanseapparat at det kjennest vondt når nokon stryk deg over kinnet? Som blir usikker, i staden for trygg, av ein lett klem? Som går langs veggane for å lære å å gå og som gøymer hendene på ryggen for å sleppe å halde deg i handa? Som sit på herdane dine med armane ut til sidene, for å sleppe å halde deg under haka? Som sprellar for å sleppe laus når du klemmer det? Som (forstår du lenge etterpå) reiser seg etter fall, blødande skrubbsår og alt, utan eit skrik, utan ei tåre, for å unngå at du iler til med den klemmen?

På femtitalet framsto ein teori om at autisme, og for den del også schitzofreni skuldast kjøleskapsmødre. At mødre som ikkje responderte, fekk barna til å gi opp. Bli inneslutta. Slutte å samverke med omgjevnadene. Så kva skulle løysinga på det vere? Parentektomi. Foreldrefjerning, om lag som ein fjerna ein betent blindtarm. Sende dei på institusjon. Samstundes blei prognosene for ein med autisme sett som svært dårlege, med lite rom til betring. I dag veit vi betre. At barn med autisme har låg toleranse for stress. At stress kjem i vegen for utvikling. At barn med autisme ofte knyttar seg svært nær til ein av foreldra, og toler fråveret dårleg, bytte av miljø enno dårlegare. Ikkje å undrast over at prognisene var dårlege, den gongen ein greip etter parentektomi, institusjonalisering.

Men tilbake til kjøleskapsmødrene, desse som forårsaka det heile, gjennom å ikkje respondere: Kva om den observerte mangelen på blikkontakt, varme, det dei såg som mangel på omsut, ikkje skuldast mor si kulde, men i staden mor si respekt for barnet, mor sine forsøk på å møte barnets behov? Gjere det barnet uttrykte behov for, heller enn det dei sjølve kjende behov for å uttrykkje?

Det tar tid å forstå, for det er så annleis enn ein har det sjølv. Det er lett å tenke tanken  at det ein mest av alt ønskjer seg sjølv, det må også vere beste gåva å gi bort. Den gongen eg var sju, skrapte eg saman alt eg hadde av pengar og kjøpte den leikehesten eg hadde ønskt meg i vekesvis, fekk den pakka inn, og ga den til mi mor i fødselsdagsgåve. Såklart låg det under ein tanke om at ho nok ikkje ville bruke den heile tida, og at eg sikkert fekk låne den når den var ledig. Men samstundes så VAR det og ein vakker hest. Ein verkeleg vakker plasthest. Eg kunne ikkje tenkje meg at ho ikkje ville verdsette det!

Empati delast gjerne i to: affektiv empati (evna til å føle med nokon og respondere med ei passande kjensle, eller sagt på ein annan måte: vise omsorg), og kognitiv empati (evna til å lese andre sine kjensler og vite kva deira mentale tilstand er). Les eksempelvis om dette på bloggen Prestasjonsprinsen. Ein kan innimellom lese utsegner frå halv-ekspertar som hevdar at folk med autisme-diagnoser manglar empati. Dei som har litt meir røynsle, med eigne diagnoser, med sine barns diagnoser, med å møte autisme-diagnostiserte gjennom sin jobb seier andre ting. At autisme på ingen måte treng kome vegen for affektiv empati. At medkjensla kan vere stor og djup, nokre gonger så omfattande at det kan vere vanskeleg å ta alt innover seg. At nokon kjenner medmenneskje si smerte så sterkt at dei kjenner behov for å skjerme seg. Dette stemmer med mine erfaringar. Innrømmelsesvis har eg størst kjennskap til Asperger-enden av autisme-spekteret, men eg har til gode å møte nokon på autismespekteret som ikkje viser affektiv empati.

Derimot er det mange ting som kan vere hinder for den kognitive empatien. Ein ser ikkje at nokon anna slit, har det vondt, er lei seg. Om ein synest det er vanskeleg å sjå folk rett i auene, så får ein heller ikkje med seg all informasjonen som ligg i blikk, i ansiktsuttrykk. Tilsvarande kan det vere vanskeleg å få med seg korleis folk har det om ein har vanskar med å lese kroppspråk, eller toneleie. Kanskje gjenkjenner ein ikkje ein situasjon som vanskeleg, fordi ein sjølv ser det som uproblematisk. Kanskje gjenkjenner ein situasjonen og tilbyr det ein sjølv ville ønskje seg i situasjonen. Ro og stillheit, for eksempel, der den som har det vondt aller mest vil ha ein klem.

Så, når du ser at det du hadde å tilby ikkje skapte den tryggleiken du ville skape, ikkje formidlar den kjærleiken du kjenner, kva gjer du då? Då er det berre å stogge opp.  Observere. Lytte. På ditt eige barn. På ekspertar. På dei som har kjent dette på kroppen, og no er vaksne og kan uttrykke seg. På menneske som Temple Grandin, Lotta Abrahamsson, Gro Dahle. Det finst andre måtar å vise kjærleik på. Å skape ro. Stabilitet. Trygge rammer.

Her er kva eg forsøker på:

Kjenne til trygge tema. Oppmuntre, støtte, akseptere. Hente fram desse når verda går oss imot

Skape sansefilter. Respektere at om det er lydar og lukter i stova, må ein ha eit rom å trekkje seg tilbake på. Kjøkenet er utanfor sansemessig rekkjevidde

Huset tilhøyrer alle. Ein må kunne få invitere med vener heim, om enn mor og far ikkje maktar å halde huset reint og ryddig. Sosialt samver på trygg grunn trumfar foreldre sitt behov for at ting tar seg ut

Lære meg å gjenkjenne teikn på stress. Eit lite kast med hovudet, ei pressa stemme. Hender som viftar. Søke å skjerme umiddelbart

Lytte til stemme meir enn søke blikk Halde mi eiga røyst roleg om det på nokon måte er mogeleg

I størst mogeleg grad halde på rutiner og varsle i god tid om eg ser det kjem brot

Ha respekt for kapasitet. Ein kjem langt lengre med å porsjonere ut, ta det litt om litt, sikte litt lågare, enn å sikte høgt, krevje mykje og gå på einn full krasj!

Vere tolmodig. Forklare grundig. Ikkje vente at implisitte beskjedar går inn, uttale alt eksplisitt. Ikkje mase eller blir irritert over å måtte gjenta. Ikkje bli sint om nokon gløymer seg, berre gjenta, minne om att og forklare på nytt

Hugse at om ein må gi ein negativ beskjed, kan ein gjere også det med nøytral eller positiv stemme, eller kanskje beklagande. Ein treng ikkje vere sint eller irritert. Det er viktig å forklare kvar ein sjølv kjem til kort, så ein ikkje  gir inntrykk av vrang vilje. Forklare at ein kjem sterkare att når ein kan!

Lytte! Lenge! Vere villig til å lytte ut ein heil monolog utan å argumentere imot eller forsøke å ta over. Hugse at dette er ein ventil og at ein ved å høyre ut ikkje har gått med på at det er slik verda er, berre at det er slik det vert opplevd. Og det kan det vere viktig å vite

Klarer eg alt dette? Ikkje på langt nær. Eg trenar, blir betre. Er betre på nokre av desse enn på andre. Eg er blitt skrekkeleg mykje meir tolmodig enn før, men synest det er vanskeleg å ikkje pådytte positive vinklingar på ein som vil seie kor svart ting kjennest i dag. Så gjeld det berre å halde fram med å lære…

2 thoughts on “Om kjærleik og kjøleskap

  1. Olaug Nilssen says:

    Eg synest denne refleksjonen om empati er så treffande. Det handlar sjølvsagt også om gjensidig forståing og respekt. Og kanskje er det dei som ser alt som har med autisme å gjere utanfrå som har aller minst empati?

  2. Dette er så sant! og det er både lett og godt å kjenne seg att i alt du skriv!
    Takk for at du set ord på desse tinga. Håpar fleire kan lese dette, som ikkje har barn med autisme sjølv. Eg trur det kan vere med og skape forståing.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *