Katt til besvær!

Husbonden var trøytt i går kveld. Så trøytt at han ikkje heilt fekk med seg kva han fekk gjort og ikkje fekk gjort. Han meinte bestemt at han hadde sleppt inn katten. Men då katten sat i vinduskarmen halv fem, og heilt tydeleg hadde kome inn vindauget, var det ikkje anna å gjere enn å sleppe han ut av soveromet. Ikkje ville vi at han skulle hoppe ut att, ikkje ville vi ha pelsdotten til å hoppe opp på sengekanten  akkurat når vi hadde somna, eller velte vassglaset eg alltid har på nattbordet.

Då eg vakna, kunne husbonden fortelle at katten hadde skreke og rast rundt på morgonkvisten. Eg var så dautrøytt ag eg ikkje hadde registrert det.  Vi synest det var pussig, sidan han pleier å  vere ein sindig pus. Idet eg skulle til å  stå opp, kom det gretne kattelydar frå poden sitt rom. Eg kikka inn i det same pusen for som eit gult lyn ut.
Mamma, det er litt rart, for jeg så jo at Gulliver løp ut, men jeg synes det maler under sengen min.
Eg lytta. Det mol IKKJE! Det murra! Skikkelege katteknurr! Bak legokassene og alt sat ein gul katt klistra inn mot veggen. Lokking og åte nytta lite, her måtte hubben, som hadde dei lengste armane, kravle under og hive ut okkupanten. Pusen vår syntest i første omgang  nøgd med det, men kjende nok likevel behov for å markere styrke, vise kven sitt territorium som var invadert. Då eg endeleg kom meg i dusjen, høyrde eg det gaula frå podens soverom. Katten hadde passa på å markere territoriet sitt akkurat i legokassa. Stor oppstandelse, redningsoperasjon! All lego over i badekaret. Katten kasta ut.
Etter middag venta det oss eit ganske omstendeleg arbeid. Skylle av all lego, sålde han ut att (til all lukke kjøpte vi eit legosold i sommar). Kassa skylt. Men altså! Er det nokon som har ein  realistisk ide om kor mykje lego ein pode kan pådra seg, om han lage periodar av gongen ønskar seg kun lego til alle merkedagar, og dertil gjerne droppar laurdagsgodtet i bytte mot litt farga plast? Ryggen verker, eg har sortert lego i halvannan time, og enno er eg berre tre fjerdedelar gjennom. Utover stovegolvet ligg det store handdukar med lego i forskjellig storleik til tørk. Kassene skal heretter ha LOK! Berre så det er sagt!
Oppdatering: Husbonden har sålda den siste fjerdedelen, det heldt lenge til ryggvondt for han 😉

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *