Eit filter, kanskje?

Min mann er i dei aller fleste fall ein utviklingsoptimist. Ein sånn som synest det er kult med nye idear, dingsar. Alt vitskapen strekkjer seg for å utvikle. All spin-off som viser seg å vere minst like spennande. Han elskar Science Fiction som genre, har ein viss sans for kyborgar.

Han har også donert ei aue til kreftsaka, fjerna ein gong ved seksmånaders alder, og har sidan klart seg med porselen. Glasaue kallar vi det på norsk, porslinsöga visstnok på svensk. Med utgangspunkt i denne teknologibeundringa, spurte eg han for mange, mange år sidan om det ikkje ville vere skrekkeleg kult den dagen ein kunne klone fram ei ny aue. Dyrke nokre av hans eigne celler, på eigna medium, tråkle i hop med synsnerven, fintune og voila! Stereosyn! Eller kanskje enno meir spennande: Basert på same tanken som cochlearimplantat kunne ein jo montere eit lite kamera som kunne sende signal rett i synsnerven! Den reinaste kyborg! Nattfilter, ultrafiolett, infraraudt, tenk at det han brått kunne sjå?

Han nølte. Veldig. Og forklarte meg at monosyn nok var blitt ein del av hans identitet. At han faktisk synest det var greit. At det rett og slett berre var blitt til den han var.

Eg forsto det ikkje heilt sånn umiddelbart, men har hatt nokre år til å tenke på saka. Kanskje var det også derfor eg lo så rått av denne vitsen, eg hadde til slutt forstått.

I samband med Autistsics Speaking Day peikar Emily Willingham på mangelen på autistiske røyster – på kor sjeldan det er at desse får tale si eiga sak. Medan forskinga dreier seg om årsaker, førebyggjing og kurar, er det heilt andre ting som opptek dei som sjølve har autisme. Ho spurte autistiske menneskje kva dei mest av alt ønskte seg av vitskapen. Aller øvst på lista sto hjelpemiddel for å dempe overveldande sanseinntrykk. For mange på autismespekteret er det hyper- eller hyposensitivitet (eller veksling frå hyper- til hypo-) i ein eller fleire sansar som er den største hndringa for omgang med andre menneskje, ikkje evna til å setje seg inn i deira situasjon eller evna til å forstå sosiale spelereglar. Så også for min son. Eg spurte også han korleis han ville at vitskapen skulle hjelpe han.

Du mener en oppfinnelse eller noe? Et filter kanskje, gjerne som jeg kunne sette på DS-en. Som kunne ta bort lukter jeg ikke liker. Og som hadde lukter jeg liker i steden!

Og dette handlar vel kanskje også om respekt og integretet, som svenske neurobloggarar har som tema denne veka! Følg gjerne Facebook-gruppa eller følg @Neurobloggarna på Twitter, for å sjå saka frå fleire vinklar!

One thought on “Eit filter, kanskje?

  1. tack det var ett väldigt fint inlägg. jag tycker också mig se hos högfungerande att de faktiskt inte alls vill bli av med sin autism. de önskar kunskap. och anpassning. att vi andra förstod och att vi kommunicerade bättre. mer autismanpassat.

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *