Heklekorallar – nytt nivå

Tidlegare har eg skrive om forskjellige heklekorallar, og lenka til både Gooseflesh og ein TED-talk. Denne filmsnutten eg fann på Deep Blue Home tar heklekorallar til eit heilt nytt nivå. Litt Creature Comforts, litt David Attenborough, ein liten dash Pina og ein anelse Pompel og Pilt, berre MED fargar. Og alt blir såklart deilig dramatisk med den jagande musikken. Aller mest spennande synest eg det er å sjå korleis dei har klart å gjenskape lysforholda rett under overflata. Rett og slett glimrande gjort!

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *